https://imengine.public.prod.agp.infomaker.io/?uuid=b3fe85b7-7c19-56d5-adb1-19da5e81f57b&function=fit&type=preview&source=false&q=75&maxsize=112&scaleup=1

 

Sjukehusprest:- At vi har ei tilmålt tid her på jorda, blir eg dagleg minna på

 

 


https://image.dagen.no/1432755.webp?imageId=1432755&x=0.00&y=0.00&cropw=99.44&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg

 

HAUGESUND: Forfattar og prest Sveinar Medhaug måtte ut av komfortsona då han nyleg fekk jobben som sjukehusprest.Foto: Helene Reite Uglem

– Å møte menneske på det siste gir ei kjensle av å stå på heilag grunn, seier sjukehusprest Sveinar Medhaug (40) som møter alle fasettar av livet på jobb.

 

Helene Reite UglemJournalist

Publisert 25.05.25 - 05:00

Del på FacebookDel på TwitterDel på e-post

– Kva kan eg gjere for deg?

Det er kanskje dette spørsmålet sjukehusprest Sveinar Medhaug oftast stiller når han vert tilkalla.

Telefonen i lomma kan ringe når som helst. Brått må han kanskje springe frå heile intervjuet.

Inst i gangen, forbi Ole Brumm og ein stor legomann, er det eit rom som skil seg frå alt det kvite og sterile. Eit kors på veggen, ei bokhylle, ein surklande kaffitraktar og eit stort bilete av Jesus. Det er berre vasken og Antibac-dispenseren som røper at vi er på eit sjukehus. 

 

https://image.dagen.no/1432774.webp?imageId=1432774&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg

 

Sveinar Medhaug sjukehusprest i Haugesund og forfattar av boka En blå linjeFoto: Helene Reite Uglem

Sjukehusprestane er tilgjengelege heile døgeret. For dei som treng ein prat. For den som først no, på siste trappetrinn i livet, kjem på noko ein søndagsskule lærar sa ein gong.

Vasstett andaktsbok

Sveinar Medhaug (41) gav nyleg ut si første bok. Andaktsboka «En blå linje» tek for seg dei maritime sidene ved Bibelen. 

Sjø, vatn, båtar, fisk og vassrett regn har prega mannen frå Åkrehamn på Karmøy. Då han såg at vatn er nemnt gjennom heile Bibelen, fekk han ideen til andaktsboka som fekk gode skotsmål i Dagen.

https://image.dagen.no/1418712.webp?imageId=1418712&x=0.00&y=10.84&cropw=100.00&croph=31.85&heightx=19.48&heighty=4.07&heightw=56.56&heighth=60.87&width=712&height=322&format=jpg

Fire grunnar til at denne andaktsboka er fabelaktig

 

Men han har vore involvert i ei anna bok også, kjem det fram. Den handlar ikkje om vatn, men er vasstett og lita. «Soldatens andaktsbok» får akkurat plass i lomma på uniforma, og er framleis populær i militæret. Medhaug synest ikkje det er så rart. 

– Mange har jo ei form for tru. Det kjem fram der ein ikkje skulle vente det. Ein må berre lytte lenge nok. 

Feltpresten

«Han kan ikkje bli prest han, far»

Dei tre eldre brørne vart overraska då Medhaug som 17-åring fortalde familien om framtidsplanane sine.

Han hadde lopper i blodet, var blant dei ivrigaste på fotball- og handballbana og måtte av og til ta eit par minutt på benken.

Samstundes hadde han hatt si første andakt som 13-åring og merka at det gav meirsmak. 17-åringen skulle bli prest.

Faren forstod storebrørne sine innvendingar, men føreslo muntert:

«Nei, men han kan bli feltprest?»

Og det blei han.

– Min første jobb var vernepliktig feltprest i garden, fortel Medhaug.

Han mimrar tilbake til Elverum i 20 minus, der han besøkte vernepliktige som hadde vore ute i tre veker. Med seg hadde han brød og vin, men også seks kassar med wienerbrød.

 

https://image.dagen.no/1432767.webp?imageId=1432767&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=1440&format=jpg

 

BOKAKTUELL: Sveinar Medhaug sjukehusprest i Haugesund og forfattar av boka En blå linje som nyleg kom ut.Foto: Helene Reite Uglem

– Vi stabla kassane oppå kvarandre. Det fungerte som eit alter. Der sette vi brødet og vinen. Fleire soldatar tok imot nattverd den dagen. Etterpå koste vi oss med wienerbrød, fortel han.

Det blei med det eine året i garden, men han er framleis prest i heimevernet.

– Det blir mange gode møtepunkt når folk i 20-40-årsalderen kjem saman, og ofte kjem vi innom åndelege og eksistensielle spørsmål under øvingane. Det er veldig meiningsfylt.

Blanke ark

Etter teologistudiet vart Medhaug sokneprest i Haugesund og deretter på Åkra. I april fekk han jobben som sjukehusprest på Haugesund sjukehus.

 

https://image.dagen.no/1432743.webp?imageId=1432743&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=1440&format=jpg

https://image.dagen.no/1432778.webp?imageId=1432778&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=1440&format=jpg

 

Kanskje kunne han vore sjukehusklovn også, for innimellom alt det alvorlege kjem det stadige skråblikk på ting, men mest på seg sjølv: 

– Eg starta med blanke ark, og er den som kan minst. Eg prøver å ta ein dag om gongen og finne ut av det her, seier han om si nye rolle.

Det er ein høgst uforutseieleg og til tider hektisk jobb.

– Ein veit aldri kva dagen vil bringe. Du kjem på jobb og skal først og fremst vere tilgjengeleg. Når denne ringjer, må eg gå, seier han og viser til telefonen i lomma.

Ein lekam i funksjon

Ein dag kan innehalde sjelesorgsamtalar, nattverd, forbøn, salmesong, nauddåp, men han er også med i palliasjonsteamet som skal gi lindrande omsorg til dei som er på det siste.

– Eit sjukehus er eit basseng av ulike fagfelt med forskjellige funksjonar. Vi skal gi heilskapleg omsorg. Mi rolle skal dekke det åndelege og eksistensielle. Ikkje berre overfor pasientane, men også dei pårørande og dei andre tilsette. 

 

https://image.dagen.no/1431629.webp?imageId=1431629&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg

 

SJELESORG: Samtalar, forbøn, nattverd og etiske spørsmål fyller arbeidsdagen til ein sjukehusprest.Foto: Helene Reite Uglem

 

https://image.dagen.no/1432789.webp?imageId=1432789&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=1440&format=jpg

 

PUSTEROM: Kontoret til sjukehusprestane er eit rom som skil seg ut på Haugesund sjukehus.Foto: Helene Reite Uglem

Dei tre P-ane, oppsummerer han. 

– Pasient, personell og pårørande. For også pårørande opplever krisa når ein nær blir sjuk. Og personellet opplever til tider sterke inntrykk som ein treng å snakke om, forklarer presten.

Han er også ein av dei som blir tilkalla ved etiske dilemma. 

– Helsepersonell kan komme opp i mange etiske dilemma som dei treng å diskutere. Sjukehuspresten er representert i Klinisk etisk-komité (KEK), ei tverrfagleg gruppe som kan bli beden om å gi råd i enkeltsaker.

– Opplever du å måtte gå på akkord med eigne meiningar?

– Ikkje så langt. Eg har ikkje jobba her så lenge. Det handlar nok ofte om korleis vareta ein pasient på best måte i den aktuelle situasjonen. Då kan eg komme med mine perspektiv som prest.

Kunsten å hjelpe

Ein sjukehusprest skal vere eit medmenneske som har tid. Tid til å sjå heile mennesket bak, evnene og livshistoria.

– Det kan opplevast sårbart å bli pasient. Brått må du ta på deg sjukehusklede eller få hjelp til å bli vaska. For enkelte kan det kjennast audmjukande, seier presten.

Han synest Søren Kirkegaards visdom frå 1800-talet oppsummerer sjukehuspresten si rolle:

«Om ein i sanning skal lukkast å føre eit menneske hen til ein bestemt stad, må ein først og fremst finne han der han er og byrje der. Det er hemmelegheita i kunsten å hjelpe»

På heilag grunn

Gjennom sine 15 år som prest har han sete ved fleire dødsleger.

– Å møte menneske som er døyande kan av og til gi ei kjensle av å stå på heilag grunn, fortel sjukehuspresten.

Kva vil du eg skal gjere for deg, blir det viktigaste spørsmålet. 

 

https://image.dagen.no/1432781.webp?imageId=1432781&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg

https://image.dagen.no/1432783.webp?imageId=1432783&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg

 

– Eg får lov til å tre inn i ein særs personleg rom, i eit liv, og får sjå ting det ikkje er andre forunnt å sjå. Eg får innblikk i kor dyrebart eit menneske er.

Mange kjenner på angst og uro. Somme vil han skal syngje ei salme. Andre vil ha forbønn eller kanskje nattverd.

– Ikkje sjeldan minnest den døyande noko ein søndagsskulelærar har sagt, eller kjem på ein kristen venn, lærar eller slektning. Det viser kor mykje dei små dropane betyr. Kanskje tenkjer vi lite om det vi seier og gjer overfor dei vi møter. Men eg ser verkeleg fruktene av det.

«Å lytte litt lengre» har blitt eit slags motto for Medhaug.

– Om ein ser ein gong til og lyttar litt lengre, kjem det fram mykje godt. Det er verkeleg ein skatt.

Prestesnipp og legefrakk

– Ein sjukehusprest skal vere lett å nå, men også lett å unngå, seier Medhaug.

Ei av oppgåvene hans er å formidle kontakt til for eksempel ein imam eller ein buddhistisk prest dersom pasienten eller den pårørande treng det.

– Synst du det er vanskeleg?

– Nei. Det er jobben min, og det er lovpålagt. Eg er ingen kameleon. Eg er ein kristen prest, og kan ikkje fylle rolla til for eksempel ein imam, fastslår han. 

Samtidig er presten open for å snakke med alle som ynskjer det, uavhengig av tru og livssyn.

– Sjukehusprestar på offentlege sjukehus driv ikkje oppsøkjande verksemd. Eg tek ikkje kontakt utan å bli tilkalla. Men når eg går rundt i gangane, kan folk huke tak i meg.

Vandrar med kvilepuls

Kvar dag byrjar med stilla, eit gudsord og ei bøn om at Gud leier han til dei som treng det den dagen. Dernest handlar det om å vere tilgjengeleg, å vandre med kvilepuls gjennom sjukehusgangane. Med legefrakk og prestesnipp skil han seg ut. 

 

https://image.dagen.no/1432787.webp?imageId=1432787&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg

 

GUDSORD: Sveinar Medhaug startar kvar dag med å be om at Gud leier han til dei som treng det den dagen.Foto: Helene Reite Uglem

Somme dagar er meir opne med tid til sjølvstudium. Andre dagar blei det knapt tid til lunsj.

– At vi har ei tilmålt tid her på jorda, blir eg minna på kvar dag. Det er store kontrastar.

– Men det er langt ifrå berre triste ting som skjer. Det er også mange gleder og smil i løpet av ein dag.

Foreldre som endeleg fekk ta med seg barnet sitt heim. Ein vellukka operasjon. Ein friskmeld pasient. Sjukehusklovnar som får eit barn til å le. 

Og når Sveinar Medhaug går inn i eit pasientrom, kjenner han at han har med seg noko som er langt større enn ein sjukehusprest frå Åkrehamn.

sjukehusprest andaktsbok korsets seier sveinar medhaug etiske dilemma karmøy

Del på FacebookDel på Twitter