Her blir stadig fleire kristne drepne
KRISTNE: Frå
ein protestmarsj i Karachi, Pakistan. Foto: Fareed Khan / AP / NTB
Leiar
frå Åpne Dører om nye drap på kristne i Pakistan: – Dei kan ikkje heve røysta
si utan at nokon vil straffe dei.
Hanne
Debora Særstenhanne@dagen.no
Publisert: 22.07.2024 20:01Sist
oppdatert: 23.07.2024 08:44
Nyleg
skreiv Christian Daily at ein katolsk far til
fire blei skoten av muslimske naboar i Pakistan.
Fire
væpna muslimar skal ha kome inn i huset deira om natta. Marshall Masih (29),
kona og deira fire barn blei holdt som gislar med våpen, før gjerningsmenna
fyrte av 16 kuler på Masihs kropp.
.
Veka
før drapet skal Masih ifølge familien ha protestert mot trakkasseringa av
kristne i området.
To
og ein halv månad før hendinga, skal han ha rapportert overgripsmenna til
politiet fordi dei hadde skote i lufta og trakassert kristne kvinner.
Sto opp for
rettigheitene
Fagleg
leiar i misjonsorganisasjonen Åpne Dører, Ole Petter Erlandsen, ser ein kristen
mann som ikkje går stille i dørene, men beskyttar dei svake.
–
Han tek til orde mot dei som har plaga kristne. Til gjengjeld blir han drepen
av fire muslimske menn.
Erlandsen
seier saka er annleis enn mange andre i Pakistan, der valdelege angrep ofte botnar
i ei anklage om blasfemi. For sjølv om berre 1,8 prosent av befolkninga er
kristne, er heile 25 prosent av alle blasfemisaker retta mot dei, fortel han.
FAGLEG LEIAR:
– Han tek til orde mot dei som har plaga kristne, til gjengjeld blir han
drepen, seier fagleg leiar i Åpne Dører Ole Petter Erlandsen om den drepne
Marshall Masih. Foto: Hans Christian Bergsjø
Ei av fleire
hendingar
Saken
med familiefaren er berre ei av ei rekke hendingar i Pakistan det siste året.
Christianity Today og Stefanusalliansen rapporterer at Nazir
Masih (73) blei drepen av ein mobb, då han blei skulda for blasfemi.
PAKISTAN: Den
8. juni i Lahore, demonstrerte fleire i protest mot at blasfemilova vert brukt
til hatprat og drap. Dei kravde rettferd for Nazir Masih som vart lynsja til
døde nokre dagar tidlegare. Foto: Human Friends Organization /
Stefanusalliansen
For
litt over ei veke sidan blei ein ung mann dømt til døden, ifølgje Open Doors. Han hadde delt eit bilete av ein
øydelagd koran på tiktok. Han vart arrestert og dømt til døden.
16.
august i fjor gjekk hundrevis av menn laus på minst 22 kyrkjer og 91 heimar.
Mange av bygningane blei utbrent og øydelagde.
Dette
rapporterte Dagen og ei rekke andre medier.
Behandla som
andrerangs borgarar
Erlandsen
seier muslimane vel å hemne seg på firebarnsfaren for å sei «ikkje tru at de
kan ha dei same rettane som oss her». Dei gjer det for å skremme kristne til
tausheit.
–
Kristne i landet kan ikkje heve røysta si utan at nokon vil straffe dei, seier
han.
Fagleiaren
meinar dei fire millionar kristne i Pakistan blir behandla som andrerangs
borgarar.
Han
forteller at de blir pressa bort frå jordeigedommar, inn i fattige område i
byane og tvinga til å ta dei dårlegaste jobbane. I stillingsannonsane for
kloakkarbeidarar i Lahore skriv dei at dei berre vil ha kristne, for det er eit
ureint arbeid.
–
Dersom dei prøver å vise at dei er likeverdige borgarar med rettigheiter, kan
dei bli utsett for represaliar, seier Erlandsen.
Fagleiaren
synast det er alarmerande at eit samfunn kan fungere på denne måten.
På Åpne Dører si liste over dei
vanskelegaste stadane i verden å vere kristen er Pakistan på sjuande plass.
Verknadar frå Gaza
Erlandsen
seier at muslimane i landet får med seg krigen i Gaza og legg skylda på jødar
og kristne. Det er ein av årsakene til at aggresjonen mot kristne i Pakistan
har auka den siste tida, fortel han.
–
Plutseleg blir kristne og jødar eit meir legitimt mål, for dei blir sett på som
støttespelarar for Israel i Gaza-krigen.
Fagleiaren
synest det er ein merkeleg effekt av ein konflikt som er langt borte.
–
For oss kan det verke merkeleg at ein konflikt langt borte kan få slike
konsekvensar. Men for rettruande muslimar, som er vant til å dele verda inn i
muslimar og ikkje-muslimar, kan dette likevel vere heilt logisk.
Opplever lite
respons
Tidlegare
fagleg leiar i Åpne Dører Stig Magne Heitmann engasjerer seg for forfølgde
kristne. I det siste har han på Facebook skrive om vener i Pakistan som
opplever forfølgelse.
I
eit lesarinnlegg til Dagen skriv han om
uretten dei må lide.
Det
inneber blant anna fattigdom, manglande skulegang, valdtekt og nedbrende heimar
og kyrkjer.
ENGASJERT:
Tidlegare fagleg leiar i Åpne Dører, Stig Magne Heitmann, forkynner, underviser
og skriv. Foto: Privat
Heitmann
opplever liten respons på lidinga til kristne som bur langt borte.
«Skyldes
det den geografiske avstanden, eller er vi rett og slett apatiske for lidelsene
på steder vi ikke har noe forhold til», spør han.
«Hva
om det var min søster og men egen familie? Saken er at det er mine kristne
søstre og min kristne familie! Det er ikke mulig å forholde seg likegyldig. Vi
trenger vekkelse blant oss!» skriv Heitmann.
Tente på
korantekst ved uhell. Måtte reddast frå rasande mobb
Kristen
pakistanar som vart jaga av mobb, døydde på sjukehus
Protester i
Pakistan etter at kristen mann ble dømt til døden for blasfemi