https://imengine.public.prod.agp.infomaker.io/?uuid=b3fe85b7-7c19-56d5-adb1-19da5e81f57b&function=fit&type=preview&source=false&q=75&maxsize=112&scaleup=1

 

 

Imam deltok under vigslinga av Gylver: – Brot på første bod

 

 

 


https://image.dagen.no/1403842.webp?imageId=1403842&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=586&format=jpg

 

ORDINASJON: Imam Faruk Terzic (oppe til venstre) under ordinasjonen av den nye Oslo-biskopen Sunniva Gylver i Oslo domkyrkje.Foto: Skjermdump / Den norske kirke

Ein imam var til stades då Sunniva Gylver vart innsett som Oslo-biskop den 23. februar. Teolog Rolf Kjøde reagerer.

 

Gunnhild LønningJournalist

Publisert 11.03.25 - 05:00 Sist oppdatert 11.03.25 - 08:25

Del på FacebookDel på TwitterDel på e-post

I prosesjonen kom det gåande både prestar, biskopar, koristar og ein imam.

Imamen, ved namn Faruk Terzic, sat saman med resten av prestefølgjet under heile gudstenesta, og var ein av dei åtte deltakarane som tende ljos i ljosgloben framme i kyrkjerommet ved innleiinga til forbønsdelen.

- Me tenner ljos for rettferd og fred, sa imamen idet han tende ljoset.

Religionsblanding

Ein av dei som reagerer på imamen si deltaking, er Rolf Kjøde, teolog og førstelektor ved høgskulen NLA i Bergen.

 

Rolf Kjøde

Teolog og førstelektor ved NLA i Bergen

Han meiner det oppstår ei religionsblanding idet ein føyer saman ulike religionar under ei gudstenesteleg feiring, og ser invitasjonen av imamen i samanheng med tidlegare stunt frå Gylver si side.

- Ho har opna for yoga som åndeleg uttrykk i kyrkjerommet, og gav i 2018 ut ei felles andaktsbok for kristne og muslimar saman med muslimen Bushra Ishaq.

Les Sunniva Gylver sitt svar på kritikken nedst i saka.

https://image.dagen.no/1403846.webp?imageId=1403846&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=548&format=jpg

 

IMAM: Faruk Terzic er leiar for imamkomitéen i Muslimsk Dialognettverk. Han er òg imam i trussamfunnet Det Islamske Fellesskap Bosnia og Herzegovina, ein moské i Oslo. Her under innsetjinga av den nye Oslo-biskopen Sunniva Gylver.Foto: Skjermdump / Den norske kirke

Ulike gudsbilete

Kjøde opplever òg at imam-elementet i kyrkjerommet kan nøra opp under ei førestilling om at muslimar og kristne tilber same gud.

- Kristne har ein relasjon til ein personleg gud, som har openberra seg på jorda ved å bli menneske. Gud har skapt oss i sitt bilete og vil gjenoppretta kontakten med menneska.

- I islam, derimot, er Allah ein fjern gud. Det står ingenting i Koranen om at Allah er ein relasjonell gud. Kristne sitt kjerneord for Gud er «Far», men «Far» som nemning på Allah vert i islam rekna for å vera utillateleg, forklarer Kjøde.

Det same gjeld kristne si tru på inkarnasjonen, det vil seia at Gud vart menneske:

- Også trua på at Gud openberra seg sjølv gjennom menneskesonen, vert i islam oppfatta som spottande.

 

https://image.dagen.no/1403852.webp?imageId=1403852&width=960&height=548&format=jpg

 

NLA: Rolf Kjøde underviser i teologi ved høgskulen NLA, Bergen.Foto: Gunnhild Lønning

Avgudsdyrking

Aktiv dialog mellom kristne og menneske med andre livssyn, anten det dreiar seg om ateistar, muslimar, hinduistar eller andre, er både viktig og naudsynt, fortel Kjøde.

- Dialog er likevel noko heilt anna enn diapraksis. Når kristne utøver truspraksis saman med menneske av anna tru, skal det mykje til å ikkje kalla det brot på det første bodet.

 

https://image.dagen.no/1403850.webp?imageId=1403850&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg

 

TEOLOG: Rolf Kjøde, teolog og førstelektor ved NLA Bergen.Foto: Gunnhild Lønning

Dersom imamar og representantar frå andre religionar vert ein naturleg del av den kyrkjelege liturgien, vil det kristne imperativet om å spreia evangeliet i verste fall gå i grus, fryktar Kjøde.

- Det kan enda med at kristne slår seg til ro med tanken om at Gud til slutt vil frelsa oss alle, uansett kva eller kven ein trur på.

I så fall meiner han det vil ha lite for seg å bera Kristi kross i vitnemål og forkynning, misjon og martyrium.

Gylver sitt svar

«Oslo er en mangfoldig by, og Den norske kirke er det største, men likevel ett av mange tros- og livssynssamfunn i hovedstaden. Dette utfordrer oss til maksimal åpenhet for andre, kombinert med maksimal tydelighet på vårt kristne budskap. 

Som biskop ønsker jeg å bidra til god dialog mellom religiøse ledere. Vigslingsgudstjenesten hadde en kort bolk med lystenning før forbønnsdelen, der ulike aktører tente lys.

At en imam, som jeg personlig setter høyt og har stor respekt for, deltar med å tenne lys i en gudstjeneste, er et uttrykk for at vi kan stå sammen som mennesker for naturen, medmenneskelighet og fred i verden.

At det var en lystenner med annen religion i en gudstjeneste med nærmere 80 medvirkende, er verken religionsblanding eller gudsbespottende – og tvert om en symbolhandling som det trengs mer av i denne tiden.»

imam islam nyheter kristendom religionsblanding rolf kjøde

Del på FacebookDel på Twitter