Tidlegare frimurar: – Dette har ingenting
med kristendom å gjere
VARSLAR: Roger Karsten Aase gav ut boka «Frimurernes
hemmeligheter» i 2008. 17 år etter får han framleis telefonar frå urolege
koner. Foto: Privat
Roger Karsten
Aase blei spurt om han var villig til å fråseie seg trua. Han svarte ja.
Helene Reite UglemJournalist
Publisert 15.02.25 - 05:00 Sist oppdatert 15.02.25
- 11:07
Del på FacebookDel på TwitterDel på e-post
Kvar kveld under tannpussen, ser Roger Karsten Aase seg i spegelen,
klappar seg sjølv på skuldra og seier:
– Yes, Roger. Supert.
Slik har det ikkje alltid vore.
For 17 år sidan var han i frimureriets nest høgaste grad, men også i ei
truskrise. Han var innanfor, men kjende seg utanfor.
– Eg reagerte på fleire ting som stridde mot mi kristne tru. Men
spørsmåla mine blei ikkje møtt. Eg fekk ei truskrise, fortel han.
I 2008 melde han seg ut og skreiv ei bok om livet på innsida.
«Frimurernes hemmeligheter» hausta stor interesse og debatt, men også hundrevis
av trugslar per brev, telefon og e-post.
– Det blei ei livsoppgåve å åtvare mot frimureri, seier 67-åringen.
Skeptisk til frimurarprestar
Dagen intervjua
Aase sist i 2010. Den gong om hans uro over at prestar også kunne vere
frimurarar. Ein kombo han framleis er særs skeptisk til.
I artikkelen fortalde han om ein av dei mange telefonane som kom i
kjølvatnet av boka:
FRIMURERI: Den norske frimurerorden har i dag 14.263 medlemmar over
heile landet. Å tilslutte seg kristen tru er eit krav for å bli medlem.
Illustrasjonsfoto: Lise serud / SCANPIX Foto: Lise serud
– Ei kvinne som var separert frå ein frimurar hadde fått sjelesorg hos
ein prest. Få timar etterpå visste mannen hennar alt dei hadde snakka om. Det
viste seg at presten var frimurar, og hadde meir lojalitet overfor broderen,
gjenfortel Aase i dag.
Søkte nytt fellesskap
Det var ei livskrise som gjorde at Aase vart frimurar i 30-åra.
– I 1989 døde den eine av tvillingane våre i ei trafikkulukke, fortel
han.
Hendinga gjorde noko med relasjonane rundt dei. Folk forsvann, opplevde
han.
– Men, nokre tidlegare naboar møtte opp på døra med rundstykke og vaska
huset vårt. Etter kvart blei dei nære, fortset Roger om den kjærkomne
venskapen.
Etter eit par års tid, fortalde mannen at han var frimurar og at han
trudde Roger vil passa inn i brorskapet.
«Vi treng deg. Du treng oss», blei Roger fortalt.
– Vi såg det som ei moglegheit for å få ein ny omgangskrets. Eg fekk
fadrar og tre til som kunne gå god for meg. Etter eit års tenkjetid, var
eg innanfor.
Men det skulle bli heilt annleis enn han hadde sett for seg.
Fråsa seg trua
– Eg blei skuffa, fortel han.
– Som kristen var det eit stort pluss at frimureriet var bygd på
kristen grunn, sjølv om det eigentleg var fellesskapet eg søkte først.
Allereie ved opptaket til første grad, stussa han.
– Eg blei spurt om eg var villig til å fråseie meg mi kristne tru og
tileigne meg frimurarane si tru. Eg blei så forfjamsa at eg berre sa ja, fortel
Aase.
I det svenske programmet På gränsen blei
Aase intervjua saman med fleire andre avhopparar i 2012. Ein av dei meiner at
spørsmålet er ein test, og at det riktige svaret eigentleg er å seie «nei» til
å fråseie seg trua.
Likevel kjende Roger eit press mot å svare ja. Og etter kvart som han
vaks i gradene, var det han som skulle stille det same spørsmålet til andre.
– Eg hugsar ein som svima av. Han var prest, fortel Aase i dag.
– Korleis kjendest det for deg å fråseie seg trua?
– Eg hadde det ikkje godt og fekk forferdeleg dårleg samvit,
svarer han.
Redninga blei samtalane med kona.
– Heilt frå starten gjekk lojaliteten til henne framfor alt. Eg
fortalde henne alle detaljar. Såleis fekk eg også arbeidd med opplevingar
undervegs.
Religionsblanding
– Dette har ingenting med kristendommen å gjere, seier Roger om
frimureriet i dag.
– Kvifor ikkje?
– Frimureriet snakkar om personleg utvikling på kristent grunnlag, men
det føregår gjennom underkasting og eit diktatorisk system der du mellom anna
må liggje i ei kiste, fortel han.
– Etter mitt syn skal personleg utvikling føregå med openheit og ulike
meiningar som kan bryne seg på kvarandre.
– Likevel blei du verande til niande grad?
– Når eg stilte spørsmål, fekk eg berre til svar at eg måtte vente til
høgare grader. Då ville eg forstå. Eg kjende meg hjernevaska og manipulert,
svarer han.
Aase kjenner på ei uro når han tenkjer på dei som kjem inn utan den
same bibelske kunnskapen han hadde.
– Då er det lett å bli påverka. Så fører det heilt feil av garde,
fryktar han.
Hoppa av
I 2008 fekk han nok og melde seg ut.
– Det tok si tid før søknaden vart godkjend. Eg blei oppfordra til å
halde ting for meg sjølv. Det sa eg tydeleg nei til, fortel Aase.
I boka si fortalde han alle detaljar. Det var som å trykkje på ein
knapp.
– Det kom hundrevis av telefonar, mailar og brev med trugsmål mot meg
og familien. Det var også dødstrugslar, fortel han.
– Korleis reagerte du på det?
– Eg var aldri redd, svarer han.
– For det første hadde eg heile vegen kontakt med PST. For det andre
kom trugslane stort sett på fredags- og laurdagskveldar. Dei var tydeleg
påverka av alkohol. Eg tok dei ikkje seriøst.
Etter kvart blei trugslane så mange at han laga eit slags automatisk
svar:
«Takk for at din førespurnad. Den er nå lagra og blir med i neste
bok».
Gjekk over lik
– Kvifor kan ikkje frimureri vere eit supplement i kristenlivet for
enkelte? Vi er jo forskjellige?
– Fordi det er så mange element som strir mot Bibelens bodskap: Å
blande inn andre religionar, kameraderi og forskjellsbehandling, svarer han.
– Lojaliteten i brorskapet blir usunn og går utover ekteskap,
arbeidsliv og moral. Eg la sjølv merke til økonomisk misleghald, legg han til.
I tillegg meiner han frimureriet har okkulte trekk.
– Ein gong blei eg teken med inn i ei grotte med bind for auga. Der
inne blei det sagt eider. Eg måtte gå over ekte skjelett. Då augebindet blei
teke av, var eg i ein svart sal med symbol frå mellom anna kabbalisme og egyptisk
mytologi, fortel han.
– Eg meiner religionsblanding er skadeleg.
Kjenner seg ikkje igjen
Dagen har lagt fram Roger Aases kritikk og spørsmål for Den norske
frimurarordenen.
– Aase har sine opplevingar av frimureriet, og eg kjenner meg ikkje att
i det han fortel, seier pressetalsmann Kristoffer Sandven. Han er Ordenens
Overarkitekt og Ordførende i Informasjonsdirektoriet.
– Medlemskapet hans ligg nesten 20 år tilbake i tid. Dessutan ønskjer
vi ikkje å kommentere det han seier.
Kristoffer Sandven, ordenens overarkitekt og ordførande i
Informasjonsdirektoriet i Den Norske Frimurerorden Foto: Sturlason AS
Polyfoto
På generelt grunnlag uttaler han følgjande:
– Den Norske Frimurerorden krev at du sluttar deg til den kristne trua
som føresetnad for medlemskap. Rituala er bygd på kristent grunnlag, med
påverknad frå andre kulturelle straumdrag som var leiande på
1700-talet, då rituala blei utvikla.
På
same måte som andre organisasjonar, er ordenen i stadig utvikling, påpeiker
Sandven:
–
Vi jobbar heile tida med å balansere bruk av gamle tradisjonar og det å
tilpasse organisasjonen til den kvardagen medlemmane lever i.
Han
meiner verdien i rituala er at dei gir tidlause innblikk i det å vere
menneske.
– Dei erstattar ikkje Bibelen, men tilbyr opplevingsbasert pedagogikk
basert på dei same verdiane, seier Sandven som opplever at også unge menn i dag
er søkjande og nyfikne.
– Hos oss finn dei ein måte å tilnerme seg dei store spørsmåla i livet
på. Frimureriet stimulerer den enkelte til sjølv å søke og finne svar.
«Læra om det skjulte»
Nyleg intervjua Dagen to kristne menn som på kvar sin kant
skildrar brorskapa sine som trusstyrkande.
Brorskapet til Bjarte blir
latterleggjort: – De skulle berre visst
Fleire vil bli tempelriddarar:
– Ei hjelp til heilaggjering
Dagen har spurt Margrethe Løøv, førsteamanuensis i religionsvitskap ved
høgskulen NLA følgjande spørsmål:
– Kor vil du plassere kristne ordensfellesskap i det religiøse
landskapet?
– Når eit fellesskap praktiserer skjult lære som kan tileignast gjennom
ritual for ein utvalt krets, kjem det innanfor noko ein kallar esoterisme,
byrjar Løøv.
Esoterisme betyr «læra om det skjulte» og kan bety to ting:
·
Ei skjult religiøs lære som ein utvalt krets får
tilgang til gjennom innviingsritual.
·
Eit samleord for fleire historiske straumdrag
i vestleg religionshistorie, så kalla «vestleg esoterisme».
– Begge deler finst i ordensfellesskap, men også i nyreligiøse
retningar, seier ho.
Margrethe Løøv, førsteamanuensis i religionsvitskap ved NLA
Høgskolen Foto: NLA Høgskolen
– Vestleg esoterisme finst i mange religionar, også i kristendom. At
kyrkjer omfamnar yoga, meditasjon og mystikk er også eksempel på vestleg
esoterisme, forklarer religionshistorikaren.
Gnostisk kristendom er ei strøyming i vestleg esoterisme som i likskap
med ordensfellesskap vektlegg mystikk, visdom, kunnskap og personlege
gudserfaringar.
– Eg synest å merke ei større interesse for desse elementa generelt i
dagens samfunn, seier ho.
Ordensfellesskap
·
Lukka fellesskap, der nye medlemmar må anbefalast og
godkjennast for å bli med.
·
Bygd opp av stigande grader, der medlemmane
kvalifiserer seg gjennom ritualer som er hemmelege for utanforståande og
medlemmer i lågare grader.
·
Medlemmane kler seg formelt med ulike symbol ut frå
grad.
·
Ute i offentlegheita kan ein identifisere andre
«brør» eller «systrer» ved spesielle kjenneteikn, til dømes ein ring, eit
merke, passord eller spesielle handtrykk.
·
Dei fleste ordensselskapa har historisk sett vore
for menn, men i nyare tid har også kvinnene komme på bana gjennom til dømes
Maria-Ordenen.
·
Fleire ordensfellesskap er bygd på kristen grunn,
som til dømes Frimurarordenen, Tempelridderordenen og Maria-ordenen.
Kjelde: Store
norske leksikon
Ser ingen grunn til uro
– Ser du utfordringar med vestleg esoterisme, altså at trusretningar
blir meir og meir like?
– Som religionshistorikar ser eg kor mangfaldig den kristne tradisjonen
er. Det er naturleg at den stadig utviklar seg, noko den alltid har gjort. Eg
ser ingen grunn til å motarbeide det, svarer ho.
– Jesus blei skulda for å vere ein sektleiar, men det vart ein
verdsreligion.
– Ordensfellesskap vektlegg skjult lære for spesielt utvalde og ritual
inspirert av andre religionar. Ser du utfordringar ved det?
– Vi tolkar Bibelen forskjellig. Det er eit trusspørsmål. Eg ser ikkje
noko problem ved at folk kan finne dette trusstyrkande, svarer ho og legg til:
– Enkelte søkjer meir sanselege erfaringar og mystikk. Andre søkjer
gamle tradisjonar, noko uforandra i eit samfunn som endrar seg raskt. Då
protestantismen med kom med meir fokus på intellekt, mista vi noko av dei meir
kroppslege erfaringane.
Sterkare tru
Det er snart 20 år sidan Roger Aase var ein aktiv frimurar.
– Korleis har dette påverka trua di?
– Den var aldri heilt vekke. I dag vil eg seie at den er sterkare enn
nokon gong, svarer Aase som i dag frekventerer Den norske kyrkja.
Etter bokutgjevinga i 2008 fekk han ikkje berre trugslar, men også
fleire telefonar frå urolege koner som lurte på kva mennene deira dreiv med.
– Slike telefonar får eg framleis. Kvar veke. Dei blir sjokkerte av det
eg fortel.
– Kva vil du seie til dei som vurderer å melde seg inn?
– Ta ein grundig prat med kona eller nokon andre først.
korsets seier frimureri esoterisme den norske frimurerordenen roger karsten aase gnostisk kristendom truskrise frimurernes hemmeligheter