Sylvi
Listhaug: – Vi må puste med magen
USA: Frp-leiar
Sylvi Listhaug synest det er utfordrande at Donald Trump er så uføreseieleg. –
Men USA er meir enn Trump, seier ho.
TRUMPS USA: – Ein
blir jo uroleg for det som skjer, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug. – Vi er alle
vaksne opp med at USA er den trygge, stabile hamna som er der når det trengst.
Dette er snudd opp ned no, fordi usikkerheita har kome inn. (Foto: Erlend
Berge)
Av Alf
Kjetil Walgermo, journalist
Publisert: 27 februar 2025 kl.
11:58Sist oppdatert: 27 februar 2025 kl. 12:23
Få
nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!
– Uføreseieleg og litt uoversiktleg, seier FrP-leiar
Sylvi Listhaug etter ein dryg månad med Donald Trump som president i USA.
– Eg brukar å seie at det siste vi les om før vi
legg oss, er Donald Trump. Så er han også det første vi møter når vi vaknar igjen.
Det går i eitt køyr, og med mange motstridande signal.
Vårt Land intervjua nyleg Henrik Syse, som åtvara
mot å sjå på Trump som ein konservativ president. Han utfordra den
breie høgresida i norsk politikk til å tenke nøye gjennom kva det vil seie å
vere borgarleg, konservativ, ikke-sosialistisk, liberal eller kristendemokrat,
og korleis Trump utfordrar dette.
Framstegspartiet er eit liberalistisk parti, som
fremst av alt trur på fridom for den enkelte og lågare skattar og avgifter.
Partileiaren trur ikkje primært det er ideologi som styrer Trump.
– Eg trur heller ikkje at det republikanske partiet
er det same i dag som det var tidelegare, seier ho.
Det
siste vi les om før vi legg oss, er Donald Trump. Så er han også det første vi
møter når vi vaknar igjen
— Sylvi
Listhaug
Budde i USA
Listhaug budde sjølv ein periode i Washington DC for
tjue år sidan, då George W. Bush var president. Ho meiner at det republikanske
partiet den gongen var eit meir tradisjonelt konservativt parti.
– Samtidig skal vi hugse på at i amerikansk politikk
er partia samansett av utruleg mange ulike delar. Her i Noreg har vi ni parti
på Stortinget, der har dei to store. Dei rommar eit stort spenn. Men det er
ingen tvil om at det republikanske partiet har endra seg betrakteleg dei siste
åra, seier Listhaug.
Når det gjeld Trump og ikkje minst framgangsmåten
hans overfor krigen mellom Russland og Ukraina, synest Listhaug at det mest
problematiske er at han fører samtalar med eit land som har angripe Ukraina, og
som er styrt av ein autoritær leiar, utan at Europa og Ukraina er med. Ho er
tydeleg også på kva ho meiner om Trumps utsegner som nærmast la skulda på
Ukraina for krigen og at han kalla Zelensky for ein diktator.
– Det er jo reinspikka løgn. Det var Russland som
invaderte Ukraina og det er Putin som er diktatoren, seier ho.
– Korleis er synet ditt på Trump i situasjonen vi er
i no?
– Nei, altså ... Ein blir jo uroleg for det som
skjer. Så hugsar vi sist gong òg at det var mykje som skjedde frå dag til dag,
men usikkerheita er større no, seier Listhaug.
NOREG OG USA: – For vår del er det ei stor utfordring at
Trump er så uføreseieleg som han er. Samtidig tenker eg at vi uansett må gjere
det vi kan for å ha eit godt forhold til dei som sit i Det kvite huset, seier
Sylvi Listhaug. (Erlend Berge)
– USA er ikkje Trump
Ho peiker på at vi for å forstå det amerikanske
samfunnet må skjøne korleis arbeidarklassa er blitt utarma over mange tiår, der
folk har mista jobbane sine og mange lever i fattigdom over heile USA.
– Amerikanarar flest, og det er ikkje berre under
Trump, har lenge vore lei av å finansiere tryggleiken til Europa. Mens
amerikanarane har finansiert sikkerheita, har vi i Europa gitt stadig nye velferdsordningar
til innbyggarane våre og nedprioritert forsvaret vårt. Og det vil dei ikkje
vere med på lenger, seier Listhaug.
– I Noreg er det veldig mange som har hatt eit
veldig positivt forhold til USA. Vi har hatt det sikkerheitspolitiske samarbeidet
og vi har fått amerikansk påverknad gjennom populærkulturen. USA har liksom
vore ein veldig bra storebror. Så har jo dette på éin månad nærmast snudd for
mange. Mange nordmenn er no bekymra. Kva tenker du om det?
– Eg tenker at USA ikkje er Trump.
USA er 50 delstatar, som er ekstremt forskjellige. Det er ikkje eit land, det
er eit kontinent. Det er ikkje sånn at amerikanarane berre går og tenker på
politikk og kva Donald Trump held på med. Dei er mest opptatt av sin eigen
kvardag, at familien har det bra og å skaffe mat på bordet.
– Amerikanarane, kanskje, men ikkje vi her i Noreg.
Vi er nok mest opptatt av kva Donald Trump held på med ...
– Ja, men vi gjer ein feil viss vi definerer USA som
Trump. Å vere der borte er nok akkurat som før, anten det er han som styrer
eller nokon andre.
– Ikkje for alle.
– Så lenge du er der lovleg. Ulovleg hadde eg aldri
turt å reise dit uansett.
Vi gjer
ein feil viss vi definerer USA som Trump
— Sylvi
Listhaug
– Ei stor utfordring
– Er du bekymra eller lite bekymra over det Trump
driv på med?
– Eg er jo opptatt av norske interesser. Og for vår
del er det ei stor utfordring at han er så uføreseieleg som han er. Samtidig
tenker eg at vi uansett må gjere det vi kan for å ha eit godt forhold til dei
som sit i Det kvite huset, fordi dei er viktige for Noreg, Nato, Europa og
verda, seier Listhaug.
Ikkje minst er ho opptatt av at europeiske leiarar
må snakke med Trump. Ho skulle ønske at den norske regjeringa også var meir
«framoverlent» på det.
– Eg håper dei brukar kanalene sine og at det snart
er planar om å reise over.
– Står det på oss ...?
– Det veit eg ikkje. Men det finst jo folk som har
hatt tett kontakt med han tidlegare, seier Listhaug og siktar til
finansminister og tidlegare Nato-sjef Jens Stoltenberg.
– Må våge å korrigere Trump
Listhaug meiner at det er viktig å våge å korrigere
Trump når han snakkar usant, ikkje snakke han etter munnen, men at ein må gjere
det på ein smart måte. Det vil ho gjere også dersom ho skulle komme i
regjeringsposisjon etter neste stortingsval.
– Eg gjer den jobben som er nødvendig for Noreg,
uansett kva posisjonar det eventuelt skulle bli. Trump er der uansett nesten
fire år til, seier ho.
– Trur du at Noregs forhold til USA kjem til å endre
seg i løpet av denne perioden?
– På mange måtar har det gjort det allereie. Det er
klart at det er meir usikkerheit no, og det er vanskeleg å forholde seg til.
Men vi må jobbe for å ha eit godt forhold, og vi har fleire gode kort på handa.
Oljefondet vårt har store investeringar i USA. Vi er nabolandet til Russland og
har viktig kunnskap og oversikt over det som skjer i nord, som er viktig for
USA. Det tredje er at vi har eit handelsunderskot med USA. Det er viktig å
forklare for Trump som er svært opptatt av dette.
– Det har vel den sittande regjeringa allereie
gjort?
– Eg håpar det. Å bruke sånne type kort er
kjempeviktig, for han er jo ein businessmann og dealmaker. Vi må bruke dei
korta vi har på handa for å sikre norske interesser.
FIRE ÅR TIL: – Eg gjer den jobben som er nødvendig for
Noreg, uansett kva posisjonar det eventuelt skulle bli. Trump er der uansett
nesten fire år til, seier Sylvi Listhaug. (AP)
Trur Noreg kan spele ei rolle
Listhaug mistar førebels ikkje nattesøvnen av den
nye storpolitiske situasjonen i verda, men vedgår at det er utfordrande både
med totalsituasjonen og den nye usikkerheita knytt til USA. Heilt nyleg stemte
til dømes USA med Russland i FNs tryggleiksråd i staden for sine eigne
allierte.
– Det er jo sånn som du ikkje hadde trudd for veldig
kort tid sidan at kunne skje. Det er svært bekymringsfullt. Samtidig, som sagt,
er det viktigaste å vere på ballen, ha kontakt og påverke, for vi veit at det
går litt hit og dit. Trump likar openbert ikkje EU, så her kan Noreg og
Storbritannia spele ei rolle, meiner Listhaug.
– Trur du EU-vinden i Noreg no bles den eine eller
den andre vegen som følgje av den nye tryggleikspolitiske situasjonen?
– Eg ser jo at dei som er veldig pro-EU brukar denne
saka for å få ein EU-debatt og prøve å få fleire til å bli positive til EU. Men
EU er ikkje i stand til å gi oss den tryggleiken som skal til. Det er ein grunn
til at EU-medlemmane Sverige og Finland gjekk inn i Nato. Svaret for Noreg er
definitivt ikkje EU-medlemskap, men at vi skal ha eit godt samarbeid, og
EØS-avtalen, er viktig.
Skal til USA i påska
– Du har sjølv mange band til USA, mellom anna
familie. Er det noko i ditt kjære USA du føler har gått tapt?
– No skal eg bort
der i påska igjen. Eg har ikkje vore der no etter valet. Sist gong
Trump var president, var det «business as usual» der. Folk lever jo
livet sitt. Men det blir spennande å sjå om det er endå meir polarisert, seier
Listhaug.
– Forstår du at mange her i Noreg er bekymra?
– Ja, det er klart! Det er store omveltingar. Vi
er alle vaksne opp med at USA er den trygge, stabile hamna som er der når det
trengst. Dette er snudd opp ned no, fordi usikkerheita har kome inn. Kombinert
med at verda er veldig uroleg frå før, gjer det folk engstelege, seier Sylvi
Listhaug.
– Men vi må puste med magen. Det er jo sånn at
presidenten ikkje er eineherskar i USA. Det finst ein kongress med to kammer.
Det blir interessant å sjå kva som skjer når amerikanarane reagerer gjennom
meiningsmålingane. Så langt har Trump hatt ganske gode tal. Vi får sjå kor
lenge det varer. Dette påverkar republikanarane både i Representantenes hus og
Senatet. Presidenten må ha fleirtal i begge kammer for å få vedtatt eit
statsbudsjett og