English use translator in the browser.
Stortingspresidenten avduka måleri av Heilag-Olav
i bøn til Kristus
MARKERING:
Vebjørn Sand (t.v.) og Masoud Gharahkhani framfor det nye måleriet av
Heilag-Olav på Moster. Foto: Tore Hjalmar Sævik
Kjendiskunstnar
Vebjørn Sand vart inspirert til å måle «Det første i vår lov» etter hemmeleg
besøk på Moster.
Tore
Hjalmar Sæviktore@dagen.no
Publisert: 01.06.2024 11:38Sist
oppdatert: 11:40
Laurdag
føremiddag avduka stortingspresident Masoud Gharahkhani (Ap) måleriet i det nye
tilbygget til Moster Amfi.
–
Det er veldig flott, veldig sterkt, seier Gharahkhani til Dagen om kunstverket.
.
Stortingspresidenten
leier Nasjonal komité for Nasjonaljubileet i 2030. Han ser ein raud tråd frå
kristenretten til Magnus Lagabøtes landslov, som fyller 750 år i år, til
Grunnlova i 1814. Sjølv kallar han seg «litt nerdete», men han meiner jubilea
er viktige for alle for å forstå norsk identitet.
FORFATTAR:
Stortingspresident Masoud Gharahkhani (Ap) i samtale med Ole Petter Erlandsen
som har skrive boka «Anno 1024 - året som forvandlet Norge».
– Kva tenkjer du om kva kristenrenretten har betydd?
–
Sjølv er eg oppvaksen i den vesle bygde Skotselv der, sjølv om eg er muslim,
Misjonskyrkja var den naturlege møteplassen for meg. Det har noko med å vere
medmenneske å gjere. Den kristne humanismen er ein del av det norske samfunnet.
Det handlar om at vi bryr oss om kvarandre. Det er ein del av den norske
folkesjela, seier Gharahkhani.
Han
viser til omsorga for svake og rettar for kvinner som noko ein kan føre tilbake
til denne lovgivinga.
Modell med sverd
Vebjørn
Sand fortel til Dagen at skodespelar Filip Stav har stått modell for
Heilag-Olav. Stav har i det siste vore på turné med førestillinga «Drømmen om
Norge» der han dramtiserer kongesagaen.
–
Han er ein veldig god modell. Eg har målt han med den drakta han brukar i
dramaet, med sverd, fortel Sand.
Måtte ha to forsøk
På
måleriet har han også med Tingsteinen, som ligg mellom Moster gamle kyrkje og
Moster Amfi.
–
Eg stod på steinen for å forhalde meg til staden og føle stemninga, seier Sand.
.
ANDRE FORSØK:
Vebjørn Sand fortel at han hadde gjort seg ferdig med eit måleri, men måtte
starte på nytt for å verte heilt nøgd.
Han
har vore oppteken av å få til noko som kan stå seg.
–
Eg målte over det første forsøket. Det var fint det også, men når ein målar, må
ein ikkje vere redd for å måle over. Til slutt sit det. Eg vil få til noko som
er fast i forma og fint måla, der fargane og motivet skal stemme.
Tilbeding i ny
retning
Den
hemmelege synfaringa til Sand på Moster fann stad i fjor haust. I vår har han
laga måleriet som tek utgangspunkt i bøna som innleia kristenretten i
Gulatingslova.
«Det
er fyrst i lovene våre at me skal bøyja oss mot aust og beda til den heilage
Krist om godt år og fred og om at me må halda landet vårt bygt og ha kongen vår
lukkeleg, han skal vera vår ven og me hans vener, og Gud vere ven til oss
alle».
INSPIRERT:
Kunstnar Vebjørn Sand vart inspirert til å måle «Det første i vår lov» etter
eit hemmeleg besøk på Moster i fjor. Foto: Harald Willard
Sand
har teke utgangspunkt i denne bøna for å illustrere verdiskiftet som kom med
Mostratinget.
Det
innebar ei endring frå at samfunnet i Noreg var basert på makt til at det var
basert på rett. Tilbedinga vart vend frå Odin til Kristus.
–
Moster 2024 ser på det som ei ære at Sand-måleriet vert gitt i gåve i høve
tusenårsjubileet. Dette vil stå igjen som eit flott minne, seier dagleg leiar
for Moster 2024 Elsa Aanensen.
Måleriet
vil få plass i nybygget til Moster Amfi som er reist til jubileet.
Linje til
Roseslottet
Dagleg
leiar i Moster Amfi og kyrkjehistoriske senter, Nina M. Olsen, synest måleriet
passar godt til arven som dei forvaltar.
–
Det er også ekstra fint at det er nettopp Vebjørn Sand som er kunstnaren, både
i forhold til det kunstnarlege uttrykket, og også i forhold til Roseslottet,
utandørsutstillinga hans, som tek opp same tematikken som den nye utstillinga
vår «Frå makt til rett» gjer. Me er veldig takknemleg og gler oss stort over
dette, seier Olsen.
Også
Vebjørn Sand Sand ser ei linje frå dette måleriet til Roseslottet på
Frognerseteren i Oslo som handlar om andre verdskrigen og jødeforfølginga.
–
Då mista vi demokratiet og rettsstaten i fem år. Dette måleriet handlar om det
første rettsystemet som vart innført i Noreg, seier Sand.
I dag kjente jeg
meg ekstra stolt over å være kristen
Samlar
Kristen-Noreg til felles erklæring ved jubileum for kristenretten