Sorg sinne og skaparkraft
o
o
Foto: Erlend Berge
I 2011 hadde Joakim Magnus
nettopp gifta seg, men han hadde også nyleg mista fleire nære
Han kjente seg «død» på innsida
og kjente på mykje sinne
Kvar var Gud når han trong Han
som mest?
04 mai 2025
kl. 05:29Av Tuva Bull Hjeltnes, journalist
Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!
– Eg skreik masse til Gud. Eg hugsar ein gong eg
gjekk ut på ein åker og sa «no skal eg slåst med deg Gud».
Det fortel mannen på den svarte kontorstolen i det
elles kvite og sterile kontoret i øvste etasje av eit sentrumsbygg i
hovudstaden.
Joakim Magnus kallar seg eit «prosjektmenneske», som
elskar å starte ting og få det til å «gå». Og drivkrafta er Gud. Det har det
vore sidan han var omtrent sju år gammal og kjente eit kall til misjon etter
eit misjonsmøte på Grimerud gard.
Men Magnus har også opplevd ting i livet som
verkeleg har sett forholdet hans til Gud på prøve.
Grimerud gard
Som barn flest trudde Magnus han hadde ein vanleg
barndom. I ettertid har han skjønt at den kanskje ikkje var «heilt A4». Men han
ser tilbake på oppveksten som ei lys og god tid.
Magnus vaks opp på Grimerud gard, hovudbasen til
Ungdom i Oppdrag. Foreldra hans, Alv og Margareta Magnus leia organisasjonen
sitt arbeid i Noreg og Nord-Europa, og familien Magnus budde på garden saman
med rundt 50-80 andre. Det var eit fint og trygt fellesskap å vere barn i.
– Det var ikkje noko «kloster» eller strenge reglar,
men eit fellesskap der mange kjente på eit tydeleg kall til misjon og det det
innebar, fortel han.
BESTE AV BEGGE VERDER: Joakim
Magnus mimrar tilbake til barndommen. – På skulen var eg ofte nesten den
einaste kristne i klassen. Men jeg syntes det var helt greit, fortel
han. (Erlend Berge)
Magnus gjekk på offentleg skule og den store
interessa var fotball. Samtidig brukte han etter vart mykje tid på Grimerud med
kristendomsundervisning, og han hadde mange vaksne førebilete i trua.
– Eg var ikkje isolert i berre éi boble. Eg følte eg
hadde det beste av to verder, seier han.
Joakim Magnus:
Barndommen gav realistisk syn på livet
Han skildrar barndomsheimen som veldig open og
gjestfri. På Grimerud gard kom og gjekk folk støtt og stadig. Det kom både
kjente forkynnarar og misjonærar, men også folk som stod i livskriser og hadde
det vanskeleg.
FOTBALLDRAUMEN: Magnus røper at
han som mange andre barn hadde ein draum om å bli fotballspelar, men valde å
slutte i 15-årsalderen. – Det er kanskje det einaste valet i livet mitt der eg
har gjort noko anna enn det eg verkeleg har ønska. Eg hadde nok ikkje blitt
proff uansett, då, seier han. (Erlend Berge)
Han minnest ei gravid jente i 14-15-årsalderen, ein
kreftsjuk mann og ein person som ville ta livet sitt. Alle vart dei innlosjert
hos familien Magnus, for ved langbordet der var det alltid plass til ein til.
Ofte fekk dei som sleit tilbod om sjelesorg, særleg mora til Magnus dreiv med
dette. Det hende derfor at han kunne komme frå skulen og høyre gråtande folk
bak den lukka stovedøra.
– Det var litt spesielt, men eg skjønte jo at det
skjedde eit eller anna. Eg trur det gjorde at eg fekk eit realistisk syn på
livet. At livet ikkje berre er «happy go lucky», fordi du ser at folk slit og
at folk har det vanskeleg, seier han.
Kom nærare Gud i sjukdomsperioden
Dei første 20 åra av livet hans var «veldig enkle»,
fortel han. Alt flaut, var kjekt – livet var rett og slett herleg. Men det
neste tiåret skulle verte annleis. Allereie på befalsskulen byrja helsa å bli
dårleg, og som 24-åring fekk han diagnosen ME.
– Det var ikkje så ille som for dei som berre må
liggje i eit mørkt rom. Men på det verste klarte eg ikkje gå meir enn 50 meter,
fortel han.
Magnus budde i periodar hos foreldra. Det var ei
krevjande tid, men også fin synest han.
– Eg kom nærare Gud, for eg fekk mykje tid til å
lese og be. Så eg følte eg takla den tida ganske bra på mange måtar.
Gjekk inn i ekteskapet med depresjon
Magnus byrja å nærme seg 30 og var endeleg blitt
frisk frå sjukdommen. Men fleire tragiske hendingar gjorde at livet langt ifrå
var lyst. Faren hans hadde akkurat fått kreft og broren hadde mista barnet
sitt. I tillegg var han frustrert over at ting ikkje gjekk riktig veg i
kjærleikslivet.
– På eitt punkt tenkte eg «no må eg berre bort, no
skal eg kose meg, eg skal surfe, fjellklatre og lese Bibelen og vere ein stad
det er sol», fortel han.
SØT MUSIKK: Magnus møtte kona
Elyse på bibelskulen i Sør-Afrika. Dei song Magnus sine eigenkomponerte songar
om Bibelen saman. – Det oppstod søt musikk, bokstaveleg talt, seier
han. (Erlend Berge)
Han enda opp med å reise på bibelskule til
Sør-Afrika. Ni månader med nettopp varme, bibellesing og fjellklatring.
Men like før han reiste heim til Noreg, skulle han
få endå ein tragisk beskjed: Bestevennen og kona hadde omkomme i eit snøskred.
Året etter skjedde eit nytt dødsfall. Ei venninne av
Magnus mista livet i ei ulykke.
Gravferda til venninna vart heldt berre nokre veker
før Magnus skulle gifte seg.
Ekteskapet mellom Magnus og kona Elyse starta ikkje
slik nokon av dei hadde sett for seg. Magnus var deprimert og følte han ikkje
klarte å vere ein god ektemann. Han kjente seg verken lei eller glad, alt var
berre flatt og han var likegyldig.
Også trua fekk seg ein prøvelse i tida som kom. Han
følte at det var eit stort tillitsbrot at Gud ikkje passa på dei aller næraste
han hadde.
– Tvilte du nokon gong på Gud?
– Eg tvilte nok aldri på Gud. I små, små periodar
har eg kanskje stilt spørsmålsteikn ved trua. Men eg har nok vore mykje meir
sint, seier han.
Så sint har han vore at han ein gong utfordra Gud
til slåstkamp, nesten som då Jakob slåst med Gud i første Mosebok.
– Eg gjekk ut på eit jorde og skreik og sa ting eg
ikkje treng å seie att her. Eg la meg ned og tenkte «eg blir her til du kjem og
fortel kvifor du ikkje helbreder meg». Etter kvart vart det sjukt kaldt, så då
gadd eg ikkje liggje der lenger, seier han og ler.
Sinnet og ærlegdommen mot Gud vart ein måte Magnus
handterte dei vonde kjenslene på.
– Følte ikkje eg levde kristent
Noko skjedde i perioden då han og kona fekk i
utfordring å starte Ungdom i Oppdrag Oslo. Magnus fortel at han framleis var
inne i denne tunge perioden, og verken han eller kona hadde spesielt lyst til å
ta fatt på oppgåva.
– Det var krevjande å seie ja, for eg følte ikkje at
eg levde så kristent. Eg orka ikkje å lese i Bibelen og forholdet mellom Gud og
meg hadde ein slags pause. Eg tenkte derfor at dei spurde heilt feil mann til
dette, fortel han.
Men ekteparet landa likevel på at det var riktig å
takke ja til utfordringa.
Ei natt før Magnus skulle annonsere for ei samling
at han hadde tatt på seg leiaroppgåva for UIO, hadde han ei spesiell oppleving.
Han låg i senga og det kjentes ut som om hovudet hans heldt på å «sprengje», og
at «vonde krefter» var over han. Han vekkja kona ved sida han og sa «no må du
be for meg, eg føler eg dør».
– Det er ikkje ofte eg blir panisk, men det kom noko
veldig vondt over meg den natta, fortel den jordnære hedmarkingen.
Kona bad for han, og neste morgon bad også mora
Margareta for sonen.
– Depresjonen forsvann momentant. Og eg fekk den
ikkje tilbake, fortel han og knipsar med fingrane for å illustrere.
Frå den dagen byrja Magnus å ta opp dei gamle
rytmane sine med bibellesing og bøn. Men han var i forsvarsmodus, og tenkte framleis
ofte på kva neste tragedie skulle bli.
Dårleg forkynning og «julenissegud»
Det er kanskje overraskande for nokre at Magnus
ville la seg intervjue i Min Tro-spalta til Vårt Land. For sist sommar skreiv
han eit innlegg i avisa Dagen der han kritiserte Min Tro-spalta for å spegle
vår tids eigendefinerte gudebilete, og sa seg også einig med Per Lønning om at
spalta er eit godt eksempel på sekularisering.
– Eg vart inspirert av Lønning til å skrive det
innlegget, men det var eigentleg ikkje ein kritikk av Vårt Land. Eg synest det
er bra at ein skriv om «min tro». Men nokre gonger har eg vorte litt provosert
når eg har lest artiklane og ser overskrifter som «Guden min er slik og slik»,
for eg trur ikkje det er me som skal definere Gud, men at det heller er Gud som
skal definere meg i autoritet. Sjølvsagt skal me tolke Bibelen, så eg skjønar
at det er ei komplisert sak, seier han.
Han trur det handlar om kampen mange står i, også
kampen han sjølv har kjempa. At det i krevjande tider kan bli eit gap mellom
den Guden ein les om i Bibelen og den guden ein erfarer i livet.
– Men ein kan ikkje endre kven Gud er fordi ein
ikkje erfarer hans godleik, seier Magnus.
Han trur at i staden for å prøve å endre Gud eller å
seie at «Gud er ikkje god» og miste trua, må kristne bli flinkare på å klage
til Gud. Der meiner han ein kan lære mykje frå jødane.
– Me lever i eit samfunn der me er
superindividualistiske, postmoderne, og me dekonstruerer alt, også trua. Men eg
tenkjer at det å vere kristen er å vere med i kollektivet av kva kyrkja har
meint og vore. Eg trur at i staden for at alle skapar si eiga tru, burde ein
klage meir og vise meir ærlegdom til Gud, Bibelens Gud.
Han peiker på at skikkelsane ein les om i Bibelen
ikkje hadde eit lett liv, ofte ganske tragiske faktisk. Det trur han teologien
burde blitt betre på å vise.
– Det skjer mykje vond i denne verda og me får
kanskje aldri heilt svar på kvifor Gud tillèt det. Eg trur det har vore mykje
dårleg forkynning, kanskje meir før enn no. Det har vore mykje
herlegheitsteologi som kanskje ikkje har snakka ærleg og sant om korleis livet
med Gud er, og som gjer at me forventar ein slags «julenissegud».
4 raske
Perfeksjonisten
– Korleis vil du skildre ditt eige gudsbilete og
korleis har det endra seg gjennom livet?
– Det har nok blitt mildare og forhåpentlegvis
større. Eg hadde nok eit strengare gudsbilete før, seier han.
I slutten av tenåra og i byrjinga av 20-åra ønska
han å vere ein perfekt kristen. Han kjente på at Gud hadde store forventingar
til han, ein kravstor Gud rett og slett.
I dag kjenner han på større fridom rundt trua, og
stolar på ideen om at «Gud er ekstremt nådig, barmhjertig og god». Samstundes
meiner han det er viktig å ha stor gudsfrykt.
– Sjølv har eg nok gått frå eit fokus på gjere ting
for Gud, til å vere meir med Gud. Eg skjønar meir og meir at eg ikkje kan
forandre meg sjølv så mykje, og at eg må sleppe Gud inn. No trur eg på dei
sanningane eg før har sagt at eg har trudd på. Så kanskje kan eg seie at eg er
på ei reise der Gud stadig vert større, fortel Magnus.
FAMILE OVER JOBB: For Magnus er
det viktig å vere til stade for borna og kona. – Det er nok av dei historiane
om pastor-, lederbarn og misjonærbarn som hatar Gud og som aldri såg foreldra
sine. Eg har ikkje lyst til å vere ein av dei, slår han fast. (Erlend
Berge)
Han har også fått eit meir «holistisk» syn på
evangeliet og Gud si forståing, og at Gud er ein skapargud som bryr seg om alt.
Magnus er glad i den jødiske kulturen og forståinga av Bibelen, og meiner at
dei er betre på nokre ting enn kristne. Den nemnde klaginga, men også på å nyte
og feire sabbaten. Dette har også blitt ein del av rytmen til familien Magnus.
Kvar laurdag tenner dei lys og et middag saman. Slik
som i jødedommen, avstår han heilt frå å jobbe, noko han syntest var
utfordrande i starten, men no gler han seg.
– No prøver eg også å nyte sabbaten. Kvile, feire og
kjenne at eg verkeleg er til stade og at Gud kosar seg med det. Borna har også
byrja å glede seg. Dei seier «å, pappa, no skal me berre kose oss, for no er
det sabbat», fortel han.
Meiner «Det sekulære evangeliet» byrjar å slå sprekker
Skaperkraft, som Magnus er leiar for, har som mål å
byggje bru mellom kyrkja og samfunnet.
– Kva tenkjer du er dei største utfordringane i
samfunnet, og korleis kan kristendommen bidra her?
Han byrjar å snakke om korleis kristendommen har
vore grunnleggjande for det samfunnet me har i dag, men at mange av oss har
gløymt det. Han trur det han kallar for «det sekulære evangeliet» byrjar å slå
sprekkar.
– Dei seier det tek tre generasjonar før ein
verkeleg merkar konsekvensar av ein politikk. Me har fjerna kristendommen meir
og meir frå offentlegheita og trua har blitt meir privatisert, og eg tur me
byrjar å sjå ei mental krise blant unge, med aukande angst og depresjon. I
tillegg er mange stressa for verdssituasjonen, Trump, Putin …
Og akkurat her trur han kristendommen har ei stor
moglegheit til å tilby håp og ein tryggleik i møte med utfordringar. Han viser
til Joannes openberring, der Jesus kjem tilbake og tek eit oppgjer med all
vondskap.
– Eg meiner ikkje at me ikkje skal bry oss om det
som skjer, men at me bryr oss i kunnskap om at det endar godt til slutt, sjølv
om ting er vanskeleg.
Han stiller alle prester dette spørsmålet
... men FpU-leder
Simen Velle er fortsatt ikke fornøyd med svarene han får. Nå utfordrer han
teolog Åste Dokka og Espen P.A. Lervaag.
GJEST: Til
podkasten «Espen er kristen» har Simen Velle med seg et eksistensielt og
opprivende spørsmål. (Foto: Erlend Berge)
Av Ruth
Einervoll Nilsen, journalist
Publisert: 04 mai 2025 kl. 08:56Sist oppdatert: 04 mai
2025 kl. 08:56
Få
nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!
– Da jeg var 15 år gammel fikk min far en sykdom. Og
det er en sykdom som er, for å si det rett ut, helt grusom, forteller Simen
Velle, leder av Fremskrittspartiets Ungdom (FpU).
Han er gjest i Vårt Lands podkast Espen er kristen.
Her tar Velle opp sitt største ankepunkt mot kristen tro: Det såkalte «ondes
problem». Hvordan kan man tro på en god allmektig Gud når det finnes lidelse?
– Jeg klarer ikke i mitt stille sinn å rasjonalisere
at det er noe godt som har skapt den sykdommen. Det blir et vanskelig punkt å
komme seg forbi for min del. Og jeg spør alle prester jeg møter om akkurat det.
Espen er kristen
·
Splitter ny podkast fra Vårt
Land, premiere 27. april
·
Espen PA Lervaag inviterer
kjente mennesker til å utfordre ham og en teolog på sitt største ankepunkt mot
kristendommen
·
Episoder ukentlig, publiseres
søndager 06:00
·
Finnes åpent på alle
plattformer, som Spotify, Apple Podcasts, Acast og PodMe
Kaller seg ikke ateist
I podkasten inviterer Espen P.A. Lervaag kjente
profiler til å dele sine ankepunkter mot kristendommen.
– Klarer jeg å overbevise gjestene om at dette med
Gud ikke er så dumt likevel? spør Lervaag i podkasten.
Simen Velle forteller at han hadde et aktivt forhold
til Den norske kirke i oppveksten, og at han blant annet sang i kor.
– Men samtidig så har jeg møtt noen spørsmål langs
veien som jeg ikke opplever at noen prester har klart å svare på, og som jeg
syns har vært såpass definerende at jeg slet veldig med å tro ganske lenge.
– Det var et tidspunkt da jeg sa at Gud ikke fins.
Men jeg føler at jeg har vokst litt siden jeg var der, sier Velle.
LES OGSÅ: Min
tro-intervju med Espen P.A. Lervaag
I episode 2 av Espen er kristen deltar Simen Velle i
samtale med Åste Dokka og Espen P.A. Lervaag (Erlend Berge)
I dag synes det er for bastant å kalle seg ateist.
– Det er litt for fint dette universet vårt til at
det er helt tilfeldig, sier han.
Likevel har han ikke fått en forklaring som han klarer
å slå seg til ro med, på spørsmålet om hvordan Gud kan være god og allmektig
når lidelse finnes.
Det er
litt for fint dette universet vårt til at det er helt tilfeldig
Simen Velle
Lettere uten Gud?
I samtalen med Velle deltar teolog og Vårt
Land-kommentator Åste Dokka.
– Dette er et dypt filosofisk og logisk problem, men
først og fremst et eksistensielt og moralsk problem. Som bare gjør vondt for
veldig mange mennesker, og som man alltid har lurt på, sier hun om Velles
ankepunkt.
Hun utfordrer også politikeren tilbake:
– Er det lettere å håndtere grusomhet, sykdom, død
dersom man ikke tror på en god Gud på en annen måte?
Espen er kristen er tilgjengelig på alle plattformer
for podkast. Første
episode ble sluppet 27. april. Her deltok Einar Tønrquist i
samtale med Jon Romuld Håversen fra organisasjonen Laget.