Sjukehusprest:- At vi har ei tilmålt tid
her på jorda, blir eg dagleg minna på
HAUGESUND: Forfattar og prest Sveinar Medhaug måtte
ut av komfortsona då han nyleg fekk jobben som sjukehusprest.Foto: Helene Reite
Uglem
– Å møte
menneske på det siste gir ei kjensle av å stå på heilag grunn, seier
sjukehusprest Sveinar Medhaug (40) som møter alle fasettar av livet på jobb.
Helene Reite UglemJournalist
Publisert 25.05.25 - 05:00
Del på FacebookDel på TwitterDel på e-post
– Kva kan eg gjere for deg?
Det er kanskje dette spørsmålet sjukehusprest Sveinar Medhaug oftast
stiller når han vert tilkalla.
Telefonen i lomma kan ringe når som helst. Brått må han kanskje springe
frå heile intervjuet.
Inst i gangen, forbi Ole Brumm og ein stor legomann, er det eit rom som
skil seg frå alt det kvite og sterile. Eit kors på veggen, ei bokhylle, ein
surklande kaffitraktar og eit stort bilete av Jesus. Det er berre vasken og
Antibac-dispenseren som røper at vi er på eit sjukehus.
Sveinar Medhaug sjukehusprest i Haugesund og forfattar av boka En blå
linjeFoto: Helene Reite Uglem
Sjukehusprestane er tilgjengelege heile døgeret. For dei som treng ein
prat. For den som først no, på siste trappetrinn i livet, kjem på noko ein
søndagsskule lærar sa ein gong.
Vasstett andaktsbok
Sveinar Medhaug (41) gav nyleg ut si første bok. Andaktsboka «En blå
linje» tek for seg dei maritime sidene ved Bibelen.
Sjø, vatn, båtar, fisk og vassrett regn har prega mannen frå Åkrehamn
på Karmøy. Då han såg at vatn er nemnt gjennom heile Bibelen, fekk han ideen
til andaktsboka som fekk gode skotsmål i Dagen.
Fire grunnar til at denne
andaktsboka er fabelaktig
Men han har vore involvert i ei anna bok også, kjem det fram. Den
handlar ikkje om vatn, men er vasstett og lita. «Soldatens andaktsbok» får
akkurat plass i lomma på uniforma, og er framleis populær i militæret. Medhaug
synest ikkje det er så rart.
– Mange har jo ei form for tru. Det kjem fram der ein ikkje skulle
vente det. Ein må berre lytte lenge nok.
Feltpresten
«Han kan ikkje bli prest han, far»
Dei tre eldre brørne vart overraska då Medhaug som 17-åring fortalde
familien om framtidsplanane sine.
Han hadde lopper i blodet, var blant dei ivrigaste på fotball- og
handballbana og måtte av og til ta eit par minutt på benken.
Samstundes hadde han hatt si første andakt som 13-åring og merka at det
gav meirsmak. 17-åringen skulle bli prest.
Faren forstod storebrørne sine innvendingar, men føreslo muntert:
«Nei, men han kan bli feltprest?»
Og det blei han.
– Min første jobb var vernepliktig feltprest i garden, fortel Medhaug.
Han mimrar tilbake til Elverum i 20 minus, der han besøkte
vernepliktige som hadde vore ute i tre veker. Med seg hadde han brød og vin,
men også seks kassar med wienerbrød.
BOKAKTUELL: Sveinar Medhaug sjukehusprest i Haugesund og forfattar av
boka En blå linje som nyleg kom ut.Foto: Helene Reite Uglem
– Vi stabla kassane oppå kvarandre. Det fungerte som eit alter. Der
sette vi brødet og vinen. Fleire soldatar tok imot nattverd den dagen. Etterpå
koste vi oss med wienerbrød, fortel han.
Det blei med det eine året i garden, men han er framleis prest i
heimevernet.
– Det blir mange gode møtepunkt når folk i 20-40-årsalderen kjem saman,
og ofte kjem vi innom åndelege og eksistensielle spørsmål under øvingane. Det
er veldig meiningsfylt.
Blanke ark
Etter teologistudiet vart Medhaug sokneprest i Haugesund og deretter på
Åkra. I april fekk han jobben som sjukehusprest på Haugesund sjukehus.
Kanskje kunne han vore sjukehusklovn også, for innimellom alt det
alvorlege kjem det stadige skråblikk på ting, men mest på seg sjølv:
– Eg starta med blanke ark, og er den som kan minst. Eg prøver å ta ein
dag om gongen og finne ut av det her, seier han om si nye rolle.
Det er ein høgst uforutseieleg og til tider hektisk jobb.
– Ein veit aldri kva dagen vil bringe. Du kjem på jobb og skal først og
fremst vere tilgjengeleg. Når denne ringjer, må eg gå, seier han og viser til
telefonen i lomma.
Ein lekam i funksjon
Ein dag kan innehalde sjelesorgsamtalar, nattverd, forbøn, salmesong,
nauddåp, men han er også med i palliasjonsteamet som skal gi lindrande omsorg
til dei som er på det siste.
– Eit sjukehus er eit basseng av ulike fagfelt med forskjellige
funksjonar. Vi skal gi heilskapleg omsorg. Mi rolle skal dekke det åndelege og
eksistensielle. Ikkje berre overfor pasientane, men også dei pårørande og dei
andre tilsette.
SJELESORG: Samtalar, forbøn, nattverd og etiske
spørsmål fyller arbeidsdagen til ein sjukehusprest.Foto: Helene Reite Uglem
PUSTEROM: Kontoret til sjukehusprestane er eit rom
som skil seg ut på Haugesund sjukehus.Foto: Helene Reite Uglem
Dei tre P-ane, oppsummerer han.
– Pasient, personell og pårørande. For også pårørande opplever krisa
når ein nær blir sjuk. Og personellet opplever til tider sterke inntrykk som
ein treng å snakke om, forklarer presten.
Han er også ein av dei som blir tilkalla ved etiske dilemma.
– Helsepersonell kan komme opp i mange etiske dilemma som dei
treng å diskutere. Sjukehuspresten er representert i Klinisk etisk-komité
(KEK), ei tverrfagleg gruppe som kan bli beden om å gi råd i enkeltsaker.
– Opplever du å måtte gå på akkord med eigne meiningar?
– Ikkje så langt. Eg har ikkje jobba her så lenge. Det handlar nok ofte
om korleis vareta ein pasient på best måte i den aktuelle situasjonen. Då kan
eg komme med mine perspektiv som prest.
Kunsten å hjelpe
Ein sjukehusprest skal vere eit medmenneske som har tid. Tid til å sjå
heile mennesket bak, evnene og livshistoria.
– Det kan opplevast sårbart å bli pasient. Brått må du ta på deg
sjukehusklede eller få hjelp til å bli vaska. For enkelte kan det kjennast
audmjukande, seier presten.
Han synest Søren Kirkegaards visdom frå 1800-talet oppsummerer
sjukehuspresten si rolle:
«Om ein i sanning skal lukkast å føre eit menneske hen til ein bestemt
stad, må ein først og fremst finne han der han er og byrje der. Det er
hemmelegheita i kunsten å hjelpe»
På heilag grunn
Gjennom sine 15 år som prest har han sete ved fleire dødsleger.
– Å møte menneske som er døyande kan av og til gi ei kjensle av å stå
på heilag grunn, fortel sjukehuspresten.
Kva vil du eg skal gjere for deg, blir det viktigaste spørsmålet.
– Eg får lov til å tre inn i ein særs personleg rom, i eit liv, og får
sjå ting det ikkje er andre forunnt å sjå. Eg får innblikk i kor dyrebart eit
menneske er.
Mange kjenner på angst og uro. Somme vil han skal syngje ei salme.
Andre vil ha forbønn eller kanskje nattverd.
– Ikkje sjeldan minnest den døyande noko ein søndagsskulelærar har
sagt, eller kjem på ein kristen venn, lærar eller slektning. Det viser kor
mykje dei små dropane betyr. Kanskje tenkjer vi lite om det vi seier og gjer
overfor dei vi møter. Men eg ser verkeleg fruktene av det.
«Å lytte litt lengre» har blitt eit slags motto for Medhaug.
– Om ein ser ein gong til og lyttar litt lengre, kjem det fram mykje godt.
Det er verkeleg ein skatt.
Prestesnipp og legefrakk
– Ein sjukehusprest skal vere lett å nå, men også lett å unngå, seier
Medhaug.
Ei av oppgåvene hans er å formidle kontakt til for eksempel ein imam
eller ein buddhistisk prest dersom pasienten eller den pårørande treng det.
– Synst du det er vanskeleg?
– Nei. Det er jobben min, og det er lovpålagt. Eg er ingen kameleon. Eg
er ein kristen prest, og kan ikkje fylle rolla til for eksempel ein imam,
fastslår han.
Samtidig er presten open for å snakke med alle som ynskjer
det, uavhengig av tru og livssyn.
– Sjukehusprestar på offentlege sjukehus driv ikkje oppsøkjande
verksemd. Eg tek ikkje kontakt utan å bli tilkalla. Men når eg går rundt i
gangane, kan folk huke tak i meg.
Vandrar med kvilepuls
Kvar dag byrjar med stilla, eit gudsord og ei bøn om at Gud leier han
til dei som treng det den dagen. Dernest handlar det om å vere tilgjengeleg, å
vandre med kvilepuls gjennom sjukehusgangane. Med legefrakk og prestesnipp skil
han seg ut.
GUDSORD: Sveinar Medhaug startar kvar dag med å be om at Gud leier han
til dei som treng det den dagen.Foto: Helene Reite Uglem
Somme dagar er meir opne med tid til sjølvstudium. Andre dagar blei
det knapt tid til lunsj.
– At vi har ei tilmålt tid her på jorda, blir eg minna på kvar dag. Det
er store kontrastar.
– Men det er langt ifrå berre triste ting som skjer. Det er også
mange gleder og smil i løpet av ein dag.
Foreldre som endeleg fekk ta med seg barnet sitt heim. Ein vellukka
operasjon. Ein friskmeld pasient. Sjukehusklovnar som får eit barn til å
le.
Og når Sveinar Medhaug går inn i eit pasientrom, kjenner han at han har
med seg noko som er langt større enn ein sjukehusprest frå Åkrehamn.
sjukehusprest andaktsbok korsets seier sveinar medhaug etiske dilemma karmøy