Særprega bedehus vert freda av
Riksantikvaren
NØGD:
Styreleiar Tor Øyvind Skeiseid understrekar at Bethel er freda, ikkje avskilta.Foto:
Tore Hjalmar Sævik
Nesten
150 år er gått sidan ein av dei viktigaste predikantane på Vestlandet tok
iniativ til å reise Bethel på Finnøy.
Tore Hjalmar SævikJournalist
Publisert 11.05.25 - 05:00
Del på FacebookDel på TwitterDel på e-post
Det var prest, politikar og avisredaktør Lars
Oftedal som stod i spissen for byggjeprosjektet som vart påbegynt i 1876 og
stod ferdig i 1878.
– Bethel her på Judaberg er eit felleskapshus som
har blitt brukt i nesten 150 år. Song, vekkingar, basarar med åresal,
juletrefestar, kake og kaffi, barn, unge, vaksne og gamle. Huset er i bruk, og
huset blir godt tatt vare på. Riksantikvaren meiner at bruk er det beste vern.
Og her ser vi beviset, seier riksantikvar Hanna Geiran i ei pressemelding.
– Nasjonal verdi
Freding av bedehuset Bethel vil sørga for at eit
viktig kulturminne knytt til denne delen av norsk historie blir tatt vare på.
Bethel er staden der folk møtest.
FREDA: Både eksteriøret og grøntområdet rundt Bethel
er omfatta av fredinga.Foto: Trond Isaksen / Riksantikvaren
Lekmannskristendomen, bedehusrørsla og vekkingstida
har sett viktige avtrykk i den nasjonale historia. Bethel står som eit symbol
på dette.
– Det er skikkeleg stas at Riksantikvaren seier
klart og tydeleg at Bethel bedehus har nasjonal verdi. Det er lov å vera stolt
av det bedehusrørsla har vore og er. Hugs, Bethel blir freda, ikkje avskilta,
seier Tor Øyvind Skeiseid, styreleiar i Bethel, i pressemeldinga.
ROMSLEG: Storleiken og stilen skil Bethel frå fleire
andre bedehus i Ryfylke frå den same perioden.Foto: Trond Isaksen /
Riksantikvaren
Dagen har tidlegare intervjua Skeiseid om historia
til bedehuset og revyen «Vandring i bedehusland» som har vore framført der.
Symbol på vekkingsarv
Formålet med fredinga er å sikre og bevare bedehuset
Bethel som eit kulturhistorisk og arkitektonisk viktig døme på bedehus som blei
oppført i Noreg frå midten av 1800-talet.
Bethel representerer eit uvanleg stort bedehus, bygd
i stein. Dei fyrste bedehusa i Noreg blei bygde i 1840-åra i nettopp Ryfylke i
Rogaland. Lekmannskristendomen, bedehusrørsla og vekkingstida har sett viktige
avtrykk i den nasjonale historia, og Bethel står som eit symbol på dette.
BASAR: Velbrukte treårar frå basarar er noko av
utstyret som har vore viktig på Bethel.Foto: Trond Isaksen / Riksantikvaren
Oppføringa av bedehus har nær samanheng med
vekkingspredikantane som reiste rundt i landet på 1800- og 1900-talet. Lars
Oftedal var ein av dei viktigaste av desse på siste halvdel av 1800-talet.
LYSKJELDE: Vindauget på frontveggen slepp lys inn
over talarstolen og resten av lokalet.Foto: Trond Isaksen / Riksantikvaren
Tanken til Oftedal var at Bethel, med sin sentrale
plassering nær dampskipskaien på Judaberg, skulle fungere som eit
«regionbedehus» for folket i Ryfylke.
Skil seg ut
Bethel skil seg i ganske stor grad frå dei andre
bedehusa som blei oppførte i same periode, ifølgje Riksantikvaren.
SOSIALT: Kaffi og mat har vore viktig for å skape
sosialt fellesskap på Bethel.Foto: Trond Isaksen / Riksantikvaren
Det er eit stort bedehus, det er bygd i stein, og
det er inspirert av dei mange steinkyrkjene frå mellomalderen som er i område.
Byggekomiteen understrekar også det symbolske ved å
byggje Bethel i eit bestandig materiale: «Huset bygges af Sten og skal derved
vidne for kommende Slægter om Guds-Ordet og Guds-Rigets Bestandighed».
vekkingsrørsla nyheter riksantikvaren lars oftedal bethel bedehus