https://imengine.public.prod.agp.infomaker.io/?uuid=b3fe85b7-7c19-56d5-adb1-19da5e81f57b&function=fit&type=preview&source=false&q=75&maxsize=112&scaleup=1

 

 

 

 

 


https://image.dagen.no/1375650.webp?imageId=1375650&x=12.45&y=0.00&cropw=75.03&croph=100.00&width=712&height=634&format=jpg

 

LES SAMAN: Sofie Marhaug og Mímir Kristjánsson hadde som mål å lese heilie Bibelen saman i 2024. Foto: Sindre Deschington

Raudt-paret skulle lesa heile Bibelen på under eitt år. Slik gjekk det

– Jo meir eg lærer om kristendommen, jo meir sympatisk innstilt blir eg.

Alice TegleJournalist

Publisert 24.12.24 - 15:00 Sist oppdatert 24.12.24 - 15:36

Del på FacebookDel på TwitterDel på e-post

«Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Messias, Herren. Og dette skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe», les Raudt-nestleiar Sofie Marhaug.

For henne blir det aldri jul utan Lukas 2:1-20. For sambuar og Raudt-kollega, Mímir Kristjánsson, var det alltid uaktuelt å blande Gud inn i julefeiringa.

I dag, derimot, sit han og lyttar til sambuaren som les juleevangeliet. 

Paret byrja å lesa frå Bibelen saman i vår.

https://image.dagen.no/1375654.webp?imageId=1375654&width=960&height=548&format=jpg

Paret med hånden på Bibelen. Foto: Sindre Deschington

Vårt Land omtalte Raudt-paret sitt bibelprosjekt i juli. Den gongen var målet å gjere seg ferdig med heile Bibelen innan nyttår. Dei ville forstå kva verdiar som blir formidla. 

– Noreg er eit kristent land, bygd på kristne verdiar og sånn er det berre. Det er heilt utruleg barnsleg å late som om det ikkje har noko å seie. Det har alt å seie. Derfor er det viktig å forstå Bibelen, seier Kristjánsson.

Nå fortel dei korleis det har gått.

«Tvangsbøn» på skulen

Sidan starten i vår har paret har lese alle Mosebøkene og alle evangelia. Men det går litt trått, innrømmer dei.

Marhaug har lese delar av Bibelen før.

– Men du Mímir, du har ikkje?, spør ho. 

– Både ja og nei. Sjølv om eg les noko første gong, er det som eg kjenner det, for når du veks opp i Stavanger er det så mykje prestegreier og bønnegreier i skulen. 

Han kallar det ein institusjonalisert form for kristendom.

– Me blei tvungne til å be kvar morgon og på storsamlingar med prest i gymsalen. Derfor er det med Bibelen så veldig, veldig nært.

Endra meining i Oslo

Heime i familien Kristjánsson var det verken bøn eller bibel. Kristendom og kristne var undertrykkjande. Religionsfridom handla om retten til ikkje å tru. 

 

 

https://image.dagen.no/1375668.webp?imageId=1375668&x=0.00&y=7.20&cropw=100.00&croph=38.01&width=960&height=548&format=jpg

 

 

UNG OG LOVANDE: Dåverande leiar Mimir Kristjansson i Raud Ungdom då det nye partiet Raudt blei stifta i 2007. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Så flytta han til Oslo og opplevde det han kallar eit sekulært hegemoni.

– Eg skjønte eg var kristnare enn dei som bur i Oslo, sjølv om eg var den minst kristne i Stavanger. Då gav det ikkje så mykje meining lenger å vere så antikristen.

– Antikristen?

– Å meine at kristne er dumme eller ikkje er skjøner noko. Eg slutta å tru på at viss du berre diskuterer det vondes problem lenge nok med dei, vil dei sjå at dei tar feil. Det er jo ikkje slik trua fungerer, har eg sett i vaksen alder.

– Du kan ikkje banke trua ut av folk med diskusjonar.

I dag kallar Kristjánsson den 17 år gamle versjonen av seg sjølv hovmodig.

– Du trur du skal endre verda og at verda berre venta på deg. Så blir du eldre. Du ser ting du har gjort og sagt i eit nytt lys. Du angrar og angstar, og då kjem behovet for nåde og tilgjeving. Jo eldre du blir jo, meir treng du forlating for syndene.

– Treng forlating for syndene

Det er bodskapen om nåde og tilgjeving som har gjer mest inntrykk på Kristjánsson når han les evangelia.

– Det er det som for meg skil kristendommen frå mykje anna moral. At uansett kor mykje du har øydelagt i livet kan du komme til Jesus, få tilgjeving og bli rekna blant dei frelste på dommens dag, seier han.

Marhaug trur at forholdet til tru kan endra seg med livserfaring.

– Livserfaring gir nokre innsikter som gjer at ein kanskje forstår tru betre, men og mange andre samanhengar i samfunnet. Når trusdimensjonen og det heilage blir borte er det veldig mykje som går tapt i kva som har status og verdi, fordi det ikkje kan målast i kroner og øre, seier ho.

Vil ikkje gjera Jesus ideologisk

Politikarparet innrømmer det er freistande å ta Jesus til inntekt for eigne politiske meiningar, medan dei les.

 

 

https://image.dagen.no/1375674.webp?imageId=1375674&width=960&height=548&format=jpg

Sindre Deschington

– Det er jo slik i alle evangelia. Dei siste skal bli dei første. Jesus er jo ikkje glad i eitt rikt menneske, på noko tidspunkt. Det er tiggarane, dei spedalske og horene han lyfter fram. Gong på gong. Det er noko utruleg humanistisk i det, sjølv om det kanskje er eit omgrep som blir nytta mest av folk som ikkje er kristne, seier Kristjánsson.

Han irriterer seg likevel over dei som prøver å gjera Bibelen ideologisk.

– Det er typisk SV å kolonisera Bibelen og sei at Jesus var den første sosialisten. Også høgrevridde menneske kan sikkert finna teikn på at Jesus var den første kapitalisten, men kristendommen er så mykje meir enn det, trur han.

– Framand og hårreisande

Marhaug og Kristjánsson har høyrt at Det nye testamentet var den snille delen av Bibelen, medan Det gamle testamentet var den slemme. Dei var nysgjerrige på om bibellesinga ville nyansera dette bildet.

– Sjølv i Det nye testamentet er Jesus ganske streng, seier Kristjánsson i dag.

Han viser til Matteus 18:8-9:

«Om handa eller foten fører deg til fall, så hogg han av og kast han frå deg! Det er betre for deg å gå inn til livet halt eller lamslått enn å ha båe hender eller båe føter og bli kasta i den evige elden.»

Framleis sit dei igjen med mange spørsmål. Marhaug reagerer på Gud som hemnlysten i Mosebøkene.

– Det er noko som framleis er veldig framand og til dels hårreisande der, seier ho.

 

 

https://image.dagen.no/1375676.webp?imageId=1375676&x=0.00&y=7.25&cropw=100.00&croph=85.50&width=960&height=548&format=jpg

Sindre Deschington

Ho prøver å forstå, har lese fleire ulike tolkingar, til dømes av den kristne filosofen Søren Kierkegård, men får det ikkje til å henge på greip at Gud bad Abraham ofra sin eigen son.

– Det handlar vel om at Gud vil ha eit bevis på trua hans. Nytestamentet bryt med den tradisjonen, skyt Kristjánsson inn.

– Eller ein kan tenkje motsett, at Jesus måtte ofre seg, så me slepp. Han er den einaste som kan gjere opp for alle og gjennomfører straffa, påpeiker Marhaug.

Kristjánsson nikkar.

– Det er det ultimate trusbeviset.

Jesus som tvilar

Heller ikkje Marhaug har vakse opp som kristen. Derfor synest ho det har vore interessant å lesa om tvilen som finst i evangelia.

– I Matteusevangeliet spør til og med Jesus på korset «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?».

 

 

https://image.dagen.no/1375672.webp?imageId=1375672&x=0.00&y=13.55&cropw=100.00&croph=38.01&width=960&height=548&format=jpg

Sindre Deschington

– Det er mindre bombastisk enn det ein skulle tru. I Mosebøkene tvilar jo Gud til og med. Han blir overtydd av Abraham om å ikkje øydeleggje nokon byar og viser seg som eit tvilande og tenkjande person, skyt Kristjánsson inn.

Marhaug viser til litteraturvitar Harold Bloom, som meiner Gud viser menneskelege eigenskapar i Det gamle testamentet.

– Han blir sur og indignert og ombestemmer seg. Det er ikkje noko me forbind Gud med i den kristne kulturarven i dag. Det er litt interessant å lesa.

Kristjánsson er einig. Han ser og fleire fellestrekk med problema som menneska i Bibelen bala med for 2000 år sidan, og problem folk har i dag.

– Når skal ein tilgje? Kva er rettferd og korleis bli eit godt menneske og leve eit godt liv? Det er fascinerande at du kan finne life coaching som er relevant i dag i så gamle tekstar, seier han.

Dette sit dei igjen med

Denne påsken var paret på gudsteneste saman. Då gjekk dei til nattverd.

Kristjánsson var stressa: Var det frekt av han å ta imot brødet og vinen, når han ikkje var kristen? Eller var det frekt å la vera?

Han landa på det siste.

– Korleis har bibellesinga prega forholdet til kristen tru og kristne?

– Mine fordommar mot kristendom handlar om alt som er syndig, om kvinner som har mensen og homofili. Her har det stått strid mellom politikk og kristendom. Men når ein les dei tekstane blir ein minna om at det er ei anna tid. Forlating for syndene er sentralt, seier Marhaug.

Mykje i Bibelen handlar om å frigjera menneske frå lovar og reglar som på den tida var undertrykkjande, trur ho.

– Det er ikkje for å gi ei woke-tolking av Bibelen eg seier dette, men eg ser faktisk eit djupare menneskeverd i botn. Trass i alt eg ikkje forstår og ikkje likar, sit eg igjen med det medmenneskelege.

Kristjánsson er einig.

– Eg kjem frå ein antikristen bakgrunn, der forteljinga har vore at kristendommen har ført til undertrykking og liding. Me snakka om korleis kristne har behandla homofile og bla, bla, bla. Men jo meir eg har med kristendommen å gjera, jo meir sympatisk innstilt blir eg, seier han og held fram:

– Når eg går inn i Bibelen sin bodskap, så kjenner i alle fall eg at eg blir utdanna i dei tinga. Så om kanskje 4.000 til 5.000 år vil det kanskje vere mogleg for meg å bli kristen.

Vanskeleg å tru

Det er når trua kjem inn i bildet at det byrjar å bli vanskeleg for Kristjánsson.

 

 

https://image.dagen.no/1375690.webp?imageId=1375690&width=960&height=548&format=jpg

Foto: Sindre Deschington

– Mogleg eg framleis er for hovmodig og arrogant, men at det skal finnast ein vilje som skal styra min vilje, klarer ikkje eg å tru på. 

– Klarer du ikkje eller vil du ikkje?

– Eg vil kanskje sei det siste, men det er nok mest det første. Kanskje litt av begge deler. Eg er ikkje laga for å gi meg over til å tru noko sånn. Det blir berre for vanskeleg for meg.

Marhaug finn trøyst i Johannes 14,2: «I huset til far min er det mange rom».

Leiter etter svar

I juleevangeliet gøymer Maria alt ho har sett og høyrt i hjartet sitt og grunnar på det. Marhaug grunnar óg på det ho har lese.

 

 

https://image.dagen.no/1375684.webp?imageId=1375684&width=960&height=548&format=jpg

Sindre Deschington

Kva betyr det å vende det andre kinnet til? Rettferdsomgrepet i Bibelen rommar noko meir enn det sosialismen gjer, trur ho. Kvifor er det slik? 

Ho håpar å finne fleire svar etter kvart som ho les meir. 

Neste gong Marhaug med sikkerheit skal lese er på julaftan. I barndomsheimen hennar i Bergen les dei alltid juleevangeliet før pinnekjøtmiddagen.

– Det er ikkje fordi familien min er så kristne, men dei veldig opptatt av tradisjonar. 

Ho gløymer ikkje julekvelden då dei ikkje fann bøkenes bok.

– Det blei ekstremt dårleg stemning. Viss ikkje juleevangeliet blir lese på julaftan, då ramlar alt saman. For oss er juleevangeliet på høgde med pinnekjøttet.

Folk lengtar etter noko som ikkje er kommersielt i jula. Derfor er juleevangeliet så viktig, trur ho.

Kristjánsson feirar jul med døtrene og ekssambuar i barndomsheimen hans Stavanger. Det står att å sjå om det blir høgtlesing frå juleevangeliet.

– Det trur eg faktisk kan skje. Den eldste dottera mi er litt i marknaden for å tru på Jesus, så mogleg ho er interessert. I så fall kan det godt vera me les.

kristendom bibelen nyheter sofie marhaug mímir kristjánsson juleevangeliet