Debattinnlegg

 

Kristen Mediaallianse Drift AS

 

Okkupasjon – okkupasjon!

J. Sandsmark, Geilo

Publisert: 13.12.2023 kl 11:30

·          

·          

·          

·          

·          

Eg har gitt opp, og rår alle Israelsvener til å gjera det same.

Å slåst mot desse våre meiningsmotstandarar er fåfengt og nyttelaust. Dei har i over 50 år knytt seg til eit mantra som rettferdiggjer og legitimerer all propaganda, agitasjon, oppvigleri, indoktrinering, motstand, trakassering, krig og terror som blir retta mot jødar og staten Israel – som også får på seg den grove skuldinga av å vera ein apartheid- og terrorstat.

Kvar tidsalder har sine fordomar og antijødiske mantra. Etter Holocaust vart nazistane sine velbrukte ordtak bytta ut med med det mindre vulgære begrepet «Okkupasjon». Men det er blitt utgangs-punktet for all motstand og hat mot jødar og ei legitimering av all hets mot staten Israel.

Det er avslørande og inkonsekvent når det ikkje etter 2.verdskrig vart demonstrert i gatene etter at dei allierte bomba 60 millionar tyske sivile for å knekkja nazistane – eller då USA drap tusenvis av sivile for å utsletta IS i Syria – eller då Noreg skaut i hel tusen sivile for å ta Gadaffi.

Det er ulogisk og urimeleg at dette standpunktet «Okkupasjon» ikkje har blitt skrota all den tid det juridisk, historisk og folkerettsleg er ei opp-konstruert lygn.

Det er underleg å lesa dei forvrengde faktaene og historiene som bys for å underbyggja mantraet «Okkupasjon». Men det har si enkle forklaring i at dette er er det nødvendige fundamentet for all motstand og hat mot jødar og staten Israel. Fell dette premisset ut – står berre den nakne antisemittismen og jødehatet att, – avkledd med sitt heslege andlet.

Førestellinga om «Okkupasjonen» er imøtegått av internasjonale fagfolk, juristar, politikarar og journalistar. Eg har lese ei lang rekkje med avhandlingar som viser at dette er eit oppkonstruert propaganda-mantra som ikkje er faktabasert. Vår eigen forskar og advokat Ragnar Hatlem har skrive boka: «Palestina, Israels historiske og folkerettslige legitimitet», der han på 328 sider godtgjer at det er ingen ulovleg israelsk okkupasjon, korkje av Judea/Samaria, Vestbreidda, Gaza eller Aust-Jerusalem.

Men kva hjelper det når heile det norske mediebiletet og Verdssamfunnet med FN og EU gneg på same: Okkupasjon?

Den kjende arabiske TV-kanalen Al Jazeera har jamvel som fast tekststoverskrift «The occupied West Bank» og «Occupied East Jerusalem».

Det er avslørande når folk ikkje ensar innlysande fakta og historiske kjensgjeringar – men er forvilla av islamsk propaganda – for å kunna rettferdiggjera sin antisemittisme og sitt jødehat.

Og det er ei såre kjent sak og eit historisk faktum at desse haldningane er uutryddelege. Dei er 3000 år gamle og har forsteina seg. Dei har eit diabolsk opphav.