https://imengine.public.prod.agp.infomaker.io/?uuid=b3fe85b7-7c19-56d5-adb1-19da5e81f57b&function=fit&type=preview&source=false&q=75&maxsize=112&scaleup=1

 

 

Lærerikt om profilerte forkynnarar

 

 

https://image.dagen.no/1388175.webp?imageId=1388175&x=40.30&y=0.00&cropw=59.70&croph=100.00&width=960&height=548&format=jpg

 

Kultur

 

 

BOK: For alle som er interesserte i kyrkjehistorie, og særleg i historia om lekmannsarbeidet og forkynninga, er dette ei interessant og lærerik bok, skriv Johannes Kleppa. Foto: Adobe Stock

 

Johannes KleppaBergen

Publisert 09.02.25 - 17:00 Sist oppdatert 09.02.25 - 17:25

Del på FacebookDel på TwitterDel på e-post

Dette er et leserinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdning.

Det norske lekmannsarbeidet har vore rikt på forkynnarar eller emissærar av ulike mennesketypar og ulike nådegåver. Frå Hans Nielsen Hauge og fram til vår tid har det vore mange tusen. Dei siste åra har det minka veldig med denne typen arbeidarar. Det er nokre att, men no er svært mange i dei kristne organisasjonane anten knytte til forsamlingar eller til spesialoppgåver. Det er etter kvart slik at dei som går på bedehuset, ikkje kjenner til den omfattande verksemda som omreisande emissærar stod for og den forkynninga som dei framførte på bedehusa.

I denne boka gir Ove Sandvik, som sjølv har hatt mange og ulike oppgåver i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), oss eit møte med eit knipp forkynnarar. Nokre av dei har samstundes vore misjonsleiarar. Opp gjennom åra har Sandvik skrive korte portrett av misjonsarbeidarar på ein av sine to bloggar. Dette har han lagt mykje arbeid i, og no har han samla over 20 av desse i denne boka. 

Dei aller fleste har vore knytte til NLM, sjølv om nokre har verka litt breiare enn det eller før NLM si tid. Fleire av dei verka mest på Sør-Vestlandet, men ein del verka over heile landet. Tidsmessig startar det midt på 1800-talet og er fram til omkring år 2000. Det er ikkje med nokon frå den første haugianske tida. Det er nokså ulike personar som vert skildra, og frå ulike periodar av kristenlivet og bedehuset.

Det startar med Per Nordsletten, Jacob Traasdahl og Thormod Rettedal frå siste delen av 1800-talet. Dette var markante forkynnarar og kristenleiarar som det følgde omfattande vekking med, og som i stor grad prega mykje av kristenlivet framover. 

 

 

https://image.dagen.no/1388118.webp?imageId=1388118&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=1374&format=jpg

 

 

 

Her er med originale forkynnarar som Sven Foldøen, Robert Karlsen og Martin Sandve, og meir ukjent folk som Reinert Ege og Olaus Østebø. Fleire av dei meste kjente NLM-leirarene er med, slik som Johannes Brandtzæg, Ludvig Hope, Tormod Vågen, Steinar Hunnestad og Gudmund Vinskei, og sentrale krinssekretærar som Tore Botnen, Tore Tungland og Arthur Kråkenes, og dessutan ein del andre.

Sandvik har lagt mykje arbeid i å få fram slektsbakgrunnen, oppveksten og det som åndeleg har forma dei ulike personane, deira kristendomsforståing og forkynning. Han har også glimt frå forkynninga og humoristiske anekdotar. Det er i tillegg mange glimt frå vekkingane og korleis einskildpersonar møtte Gud og kom til kristen tru. Dette siste er ikkje minst interessant og oppbyggjeleg. Gud har møtt mange på forunderlege måtar for at dei skulle verta frelste. Gud er underets Gud også på dette området.

Når ein les om desse forkynnarane og misjonsleiarane, og om deira forkynning og det som skjedde i vekkingane, veks det fram eit ønskje og ei bønn om at det må skje på nytt, og at Herren driv ut arbeidarar med nådegåver for vår tid, som det tidlegare var forkynnarar for si tid. Forkynninga var bibelsentrert og vekkingsorientert, og det var mange og svært omfattande vekkingar. Leiarane var også bibelorienterte, og arbeidet var nådegåvebasert.

Dette er ikkje eit vitskapleg arbeid med notar og dokumentasjon, men det er ei kjeldoversikt. Så langt eg kan sjå, er det eit historiske godt arbeid, og så langt eg kjenner personane, har forfattaren treft godt i vektlegging og karakteristikkar. Vi får eit rett og godt inntrykk den einskilde, men ikkje berre eit glansbilete. Framstillinga er språkleg god, slik at boka er lettlesa. Det tek ikkje så lange tid å lesa kvar artikkel.

For alle som er interesserte i kyrkjehistorie, og særleg i historia om lekmannsarbeidet og forkynninga, er dette ei interessant og lærerik bok. Dei som vil ha aller mest utbytte av henne, er nok folk knytt til NLM og då særleg på Sør-Vestlandet.

Red.: Anmeldelse er også publisert i Foross.no.

Anmeldt/Bok

Ove Sandvik

Forkynn ordet!

Predikanter og misjonsledere fra norsk lekmannshistorie

ebmedia 2024

Hft. 278 sider