Lærerikt om profilerte
forkynnarar
Kultur
BOK:
For alle som er interesserte i kyrkjehistorie, og særleg i historia om
lekmannsarbeidet og forkynninga, er dette ei interessant og lærerik bok, skriv
Johannes Kleppa. Foto: Adobe Stock
Johannes KleppaBergen
Publisert 09.02.25 - 17:00 Sist
oppdatert 09.02.25
- 17:25
Del på FacebookDel på TwitterDel på e-post
Dette er et leserinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens
holdning.
Det norske lekmannsarbeidet har vore rikt på forkynnarar
eller emissærar av ulike mennesketypar og ulike nådegåver. Frå Hans Nielsen
Hauge og fram til vår tid har det vore mange tusen. Dei siste åra har det minka
veldig med denne typen arbeidarar. Det er nokre att, men no er svært mange i
dei kristne organisasjonane anten knytte til forsamlingar eller til spesialoppgåver.
Det er etter kvart slik at dei som går på bedehuset, ikkje kjenner til den
omfattande verksemda som omreisande emissærar stod for og den forkynninga som
dei framførte på bedehusa.
I denne boka gir Ove Sandvik, som sjølv har hatt mange
og ulike oppgåver i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), oss eit møte med eit
knipp forkynnarar. Nokre av dei har samstundes vore misjonsleiarar. Opp gjennom
åra har Sandvik skrive korte portrett av misjonsarbeidarar på ein av sine to
bloggar. Dette har han lagt mykje arbeid i, og no har han samla over 20 av
desse i denne boka.
Dei aller fleste har vore knytte til NLM, sjølv om nokre
har verka litt breiare enn det eller før NLM si tid. Fleire av dei verka mest
på Sør-Vestlandet, men ein del verka over heile landet. Tidsmessig startar det
midt på 1800-talet og er fram til omkring år 2000. Det er ikkje med nokon frå
den første haugianske tida. Det er nokså ulike personar som vert skildra, og
frå ulike periodar av kristenlivet og bedehuset.
Det startar med Per Nordsletten, Jacob Traasdahl og Thormod
Rettedal frå siste delen av 1800-talet. Dette var markante forkynnarar og
kristenleiarar som det følgde omfattande vekking med, og som i stor grad prega
mykje av kristenlivet framover.
Her er med originale forkynnarar som Sven Foldøen, Robert
Karlsen og Martin Sandve, og meir ukjent folk som Reinert Ege og Olaus Østebø.
Fleire av dei meste kjente NLM-leirarene er med, slik som Johannes Brandtzæg,
Ludvig Hope, Tormod Vågen, Steinar Hunnestad og Gudmund Vinskei, og sentrale
krinssekretærar som Tore Botnen, Tore Tungland og Arthur Kråkenes, og dessutan
ein del andre.
Sandvik har lagt mykje arbeid i å få fram slektsbakgrunnen,
oppveksten og det som åndeleg har forma dei ulike personane, deira
kristendomsforståing og forkynning. Han har også glimt frå forkynninga og humoristiske
anekdotar. Det er i tillegg mange glimt frå vekkingane og korleis einskildpersonar
møtte Gud og kom til kristen tru. Dette siste er ikkje minst interessant og
oppbyggjeleg. Gud har møtt mange på forunderlege måtar for at dei skulle verta
frelste. Gud er underets Gud også på dette området.
Når ein les om desse forkynnarane og misjonsleiarane,
og om deira forkynning og det som skjedde i vekkingane, veks det fram eit
ønskje og ei bønn om at det må skje på nytt, og at Herren driv ut arbeidarar
med nådegåver for vår tid, som det tidlegare var forkynnarar for si tid.
Forkynninga var bibelsentrert og vekkingsorientert, og det var mange og svært
omfattande vekkingar. Leiarane var også bibelorienterte, og arbeidet var nådegåvebasert.
Dette er ikkje eit vitskapleg arbeid med notar og dokumentasjon,
men det er ei kjeldoversikt. Så langt eg kan sjå, er det eit historiske godt
arbeid, og så langt eg kjenner personane, har forfattaren treft godt i
vektlegging og karakteristikkar. Vi får eit rett og godt inntrykk den einskilde,
men ikkje berre eit glansbilete. Framstillinga er språkleg god, slik at boka er
lettlesa. Det tek ikkje så lange tid å lesa kvar artikkel.
For alle som er interesserte i kyrkjehistorie, og særleg
i historia om lekmannsarbeidet og forkynninga, er dette ei interessant og
lærerik bok. Dei som vil ha aller mest utbytte av henne, er nok folk knytt til
NLM og då særleg på Sør-Vestlandet.
Red.: Anmeldelse er også publisert i Foross.no.
Anmeldt/Bok
Ove Sandvik
Forkynn ordet!
Predikanter og misjonsledere
fra norsk lekmannshistorie
ebmedia 2024
Hft. 278 sider