Jobben som sjukehusprest
har endra synet ho har på dødshjelp
o
Foto: Sindre Deschington
Om dødshjelp skal vere lovleg
er for tida oppe til vurdering i fleire politiske parti
Sjukehusprestar skjønar at
somme folk med store lidingar ønskjer å døy, men trur det er viktig å gi døden
tid
17 mars 2025
kl. 11:33Av Tuva Bull Hjeltnes, journalist
Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!
– Eg trur det har endra meg å komme så tett på
menneske med alvorleg sjukdom, som er truga av død eller store smerter. Eg syns
det er vanskeleg å snakke veldig kategorisk for eller mot dødshjelp, seier Aud
Irene Svartvasmo, sjukehusprest på Diakonhjemmet, til Vårt Land.
Sjukehusprestar er ofte tett på alvorleg sjuke folk
i yrket sitt. Nokre av desse folka ønskjer å døy, men enn så lenge har dei
ikkje moglegeheita til dødshjelp i Norge.
Ifølgje ei NRK-undersøking er
om lag halvparten av den norske befolkninga no positiv til at ei form for
dødshjelp skal legaliserast. Spørsmålet har også for alvor dukka opp i dei
politiske partia. Framstegspartiet har sidan 2013 vore det
einaste partiet på stortinget som er for dødshjelp, men nyleg bestemte Venstre
at partiet skulle utrede om det bør vere lovleg å tilby assistert sjølvmord.
Fleire parti er venta å gjere det same.
– Mykje kan utforskast utan å bli normativ
I jobben som sjukehusprest møter Svartvasmo med
jamne mellomrom folk som ønskjer å døy. Det kan vere folk som har eit ønske om
å avslutte livet ved å reise til land som tilbyr dødshjelp, eller andre som
uttrykker sinne og frustrasjon over at det ikkje er lovleg i Norge.
– Dei kjenner seg veldig avmektige ved å berre måtte
la det gå sin gang, fortel ho.
Les og kommentar frå Aud Irene Svartvasmo her: Ved å avskaffe døden vil vi miste
noe av vår menneskelighet.
KONTROLL: Sjukehuspresten trur
folk i vår tid likar lite å miste kontroll. – Me likar å tru at me har kontroll,
også over døden, seier Aud Svartvasmo. (Sindre Deschington)
I samtalar med pasientar går Svartvasmo ikkje inn på
ein normativ måte, men prøver heller å gå inn for å utforske kva pasientane
tenkjer, og kvifor.
– Kanskje eg også prøver å trekkje fram kva dei i så
fall kjem til å miste ved å gjere det. Til dømes at ein blir teken vekk frå
sine næraste i det øyeblikket. Det er mange ting det går an å utforske utan å
bli normativ, seier Svartvasmo.
– Kva seier du til folk som lid og det einaste dei
ønskjer er å døy?
– Det er litt avhengig av kvar dei er i løpet. I eit
relativt tidleg stadium kan ein utforske meir, men mot slutten er eg meir
forsiktig. Dersom det er ein pasient som har eit forhold til Gud, kan eg for
eksempel seie «dette går det an å seie til Gud», «me kan be saman», eller «om
du vil kan eg tenne eit ljos».
– Har godt av å vente på døden
Svartvasmo opplever at det er lite å hente på å gå
inn i ein diskusjon om dødshjelp med pasienten. Ho fortel at det ofte handlar
om å roe ei kjensle av frykt.
– I samtalar med menneske i den fasen av livet, er
eg overraska over kor mange som seier at dei ikkje er redd for å døy, men redd
for det som kjem før døden.
– Meiner du at ein som prest kan vere for dødshjelp?
– Eg meiner nok at det går an å argumentere for at
det av og til er riktig. Men då er me kanskje meir i dei tilfella der det er i
grenseland, der det er snakk om ei siste dose på dødsleiet. Men eg synest det
er kjempevanskelig. På ein måte er eg glad for at me ikkje har det her, for då
treng ikkje folk å forhalde seg til det, seier ho.
KVA ER VERDIG? Ordet
verdigheit, og kva som ligg i det, kjem veldig ofte opp i dei samtalane, fortel
sjukehusprest Aud Irene Svartvasmo. – Verdigheit har blitt eit veldig
korrumpert ord, kva legg me i det? Verdigheit er fyrst og fremst noko me gir
kvarandre. (Sindre Deschington)
I dei aller fleste tilfelle held ho fast på at det gjeng
an å smertelindre tilstrekkeleg, og retten til å seie nei til behandling,
behandlingsavgrensning, gir pasientane eit handlingsrom likevel, peiker ho på.
Svartvasmo trur også me som menneskeheit har godt av å måtte vente på døden.
– Eg trur kanskje me mister noko som menneske, og
som samfunn, om også døden skal effektiviserast. Det er så viktig del av livet
vårt at me også gir døden tid, den tida det tar, seier ho.
Ligg føringar i å vere prest
– Det er klart at det ligg nokre føringar i det å
vere teolog og prest, som på ein måte tilseier at eg skulle vere kategorisk mot
det. Samtidig har eg vore borti tilfelle der det er veldig lett å forstå og
møte dei tankane, utan å kjenne at det er ein gal tanke, seier Svartvasmo.
Ho trur det er viktig at ho som sjukehusprest har
openheit når ho møter pasientar som tek opp denne problemstillinga.
– Pasientane skal kjenne at det er rom for å snakke
om dette også med ein sjukehusprest, utan å bli møtt med «det er det eigentleg
ikkje vits å snakke om, for det er ikkje lov». Det er viktig for meg, seier ho.
– Ein kan forstå det
– Ein kan forstå at menneske med langvarig kronisk
sykdom, med store smerter, ønskjer å døy. Det har jeg ikkje problem med å sjå,
og me møter jo problemstillinga hos pasientar, seier Øystein Buer,
sjukehusprest ved Oslo universitetssykehus.
VILLE SØKT HJELP: – Viss og når
eg hamnar i ein slik situasjon sjølv, tenkjer eg per i dag at eg vil søke hjelp
hos andre til å finne verdigheita som er der framleis. Og då håpar eg verkeleg
at den er å finne, seier sjukehusprest Øystein Buer. (Annika Byrde)
Men personleg støttar han ikkje at dødshjelp er
måten å løyse problema på.
– Eg tenkjer heller at det å utvikle smertelindring
ved uhelbredeleg sjukdom, altså det som vert kalla palliasjon, samt krisehjelp
under livskriser, er ei betre løysing for samfunnet, seier Buer.
Buer ønskjer at ein rører seg frå individnivå, til
samfunnsnivå når ein snakkar om dødshjelp. Han meiner ein må sjå på løysingar
som kan gagne fleire, og at utvikling og forbetring av palliasjonen i
helsevesenet er ein del av dette.
– Det er kanskje her eg har lært mest etter at eg
byrja som sjukehusprest. Kor viktig palliasjon er, seier han.
– Kan aldri heilt forstå
Det er omsynet til kva pasienten treng som er
utgangspunktet når sjukehuspresten vert tilkalla til alvorleg sjuke og døyande
pasientar.
– Me ønskjer å komme med respekt, og med innleving
og empati i møte med situasjonen pasienten er i. Dersom temaet blir ynskje om å
døy, eller i nokre tilfelle dødshjelp, så prøver eg å la pasienten utdjupe
tankane, opplevingane og kjenslene sine rundt dette, seier Buer.
I nokre tilfelle vert det slik at ein trer fram med
eiga fagleg vurdering av det pasienten deler og ønskjer, dersom pasienten opnar
for dette, fortel buer. Han påpeiker at ein likevel aldri vil klare å sette seg
heilt inn i situasjonen til pasienten.
– Det blir ei avstand der og det er vel ein del av
det eksistensielle grunnlaget me har som menneske i møte med kvarandre og
lidinga i livet, seier han.
Ofte kan jobben som sjukehusprest då handle om at
pasienten får nokon ved si side i lidinga, som er ein del av den palliative
tenkinga, fortel sjukehuspresten.
– Det gjeld også å få tak på og utdjupe dei tinga
som gir livet meining for den enkelte, kall det meiningsdanninga. «Kva gjenstår
av meiningsdanning og kva håp kan pasienten framleis ha i denne situasjonen?»
Skeptisk til å kunne kreve dødshjelp av andre
– Det er ei eldrebølge på gang, me lever lenger.
Flere kjem kanskje i ein situasjon med kronisk sjukdom og mykje smerte.
Samtidig får ein ikkje lindra all liding og smerte. Det vert på ein måte eit
paradoks, seier han og held fram:
– Du spør jo også om kva som er det mest krevjande
etiske spørsmålet. Det er vel eigentleg... «Har me rett til å kreve at andre
skal hjelpe oss å ta livet vårt?», spør Buer retorisk.
– Kva med retten til å bestemme over vårt eige liv
og når me vil døy?
– Det er vanskelege spørsmål å svare enkelt på. Men
altså eg tenkjer at retten min er å leve så verdig eg kan i mitt eige liv. Og
kva betyr det? Kva er ein verdig død for meg? Er det verdig å ta livet mitt,
eller er det verdig å ta imot hjelp til å avslutte det? Eg har trua mi og
tenkjer jo at eg ikkje har rett til å ta livet mitt i møte med døden, seier
sjukehuspresten.
Frå motstandard til nyansert motstandard
Jobben som sjukehusprest har endra synet Svartvasmo
har på dødshjelp.
– Eg har gått frå å vere kategorisk motstandard til
å bli meir nyansert. Dei eg møter er i fortvila situasjonar og eg må prøve å
forstå deira situasjon. I den augenblinken eg blir kategorisk, så lukkar eg den
døra. Det vil eg ikkje gjere. Eg vil heller ikkje dit at eg seier det aldri
finst tilfelle der dette kan vere riktig, seier sjukehuspresten.
Ho meiner at i dei tilfella norske legar har gjort
dette, så har det vore tungtvegande grunnar for det. Ja, dei har brote norsk
lov, men ho trur dei har gjort det ut frå medynk.
– SKREMMEBILDE: – Vil nokre
grupper kjenne seg pressa til å be om det? Det er jo eit synspunkt som ofte er
oppe som eit skremmebilde, seier Aud Irene Svartvasmo. Det er ein av tinga ho
fryktar dersom dødshjelp skulle bli lovleg ein gong. (Sindre Deschington)
Men sjølv om Svartvasmo har blitt meir nyansert, er
ho framleis skeptisk til ei lov som set dette i system.
– Eg fryktar at ein skal byrje å «skli» på kven som
kan få dødshjelp. Kva med psykiatriske pasientar, skal dei kunne få det? Det er
jo eit frykteleg vanskeleg område å bevege seg i, og eg tenkjer det er ganske
gode grunnar til at me ikkje har det lovverket i Norge, seier ho.
Dødshjelp
Kjelde: Store Norske Leksikon, Aftenposten
LES OGSÅ
«Å gje menneske retten til å
få avslutta livet, er å overlate menneske til den ytste einsemd»
Støre: – Ingen grunn til
bekymring for trossamfunn
Vårt Land mener: «Nei til
‘dødsengler’»
Tuva Bull Hjeltnes
Tuva Bull
Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land