MENY
Auschwitz vart frigjord 27.
januar 1945. | Foto: xiquinhosilva, CC BY 2.0, via Wikimedia Commons.
Politikk og samfunn
«Holocaust
starta ikkje med gasskammer. Det starta i hat, løgn og konspirasjonsteoriar»
Fascismen samlar krefter i Tyskland. 79 år etter
frigjeringa av dødsleirane til nazistane er det likevel vilje til å kjempe for
eit «aldri meir».
Fabian Wahl Sandvold (23)
Sentralstyremedlem i AUF
Publisert 28.01.2024 11:01
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for
skribenten sine eigne meiningar.
Laurdag 27. januar markerte
vi den internasjonale Holocaust-dagen.
I år er det 79 år sidan den
raude armeen frigjorde Auschwitz-leirane. Dei sovjetiske soldatane vart møtte
av det grufulle synet av utarma og torturerte menneske i den bitande
januarkulda.
Menneske som var reduserte
til eit nummer, tatoverte på armen. I dag kjenner vi dei som eit anna tal. Vi
kjenner dei som Europas over 6 millionar myrda jødar.
«Døm aldri – før du med
sikkerheit veit kva du sjølv ville gjort i livets avgjerande augeblink».
Herman Sachnowitz mista
faren, tre søstrer og fire brør i Auschwitz. Han bed oss ikkje forstå
nazistane. Han bed oss forstå oss sjølve. Det var ikkje ein tyskar som
arresterte familien i Stokke i 1942. Ikke ein gong ein svoren nazist, men ein
lensmann frå Tønsberg.
Holocaust starta ikkje med gasskammer. Det
starta ikkje med okkupasjonen eller krigen. Holocaust starta i ord. Hat, løgn
og konspirasjonsteoriar om andre menneske. Ord som fråtok andre menneskeverdet.
79 år etter frigjeringa av
Auschwitz, er ytre høgre igjen på frammarsj i Europa. I sosiale medium når
Holocaust-fornektarar ut til fleire millionar menneske. Antisemittismen aukar
kraftig, særleg etter Israels bombing av Gaza. Det skaper frykt og utryggleik
hjå jødar som har ingenting med krigen å gjere. Det må vi aldri godta.
I Tyskland, landet som ber
den største skulda for Holocaust, har høgreekstreme Alternative für
Deutschland (AfD) vokse seg store på meiningsmålingane. Dei siste
målingane viser at ein fjerdedel av tyskarane ønskjer å gi dei røysta si. Eit
parti med leiande politikarar som stiller tvil om gasskammera, og oppmodar
tyskarar til å leggje Holocaust bak seg.
Fabian Wahl Sandvold er
sentralstyremedlem i AUF. | Foto: Sandra Tenud
I januar avslørte
Correctiv.org eit hemmeleg AfD-møte i Potsdam. Få kilometer frå der Wannsee-konferansen fann
stad, la AfD-politikarar og kjende nynazistar ein «masterplan» for
massedeportasjonen av millionar av tyskarar med minoritetsbakgrunn. I år kan
partiet bli størst i ei rekke val i byar og delstatar. Fleire i Høgres
søsterparti CDU tar til orde for samarbeid.
Får AfD styre, er det første gong ytre høgre
får makt i Tyskland sidan 1945.
Holocaust starta i ord. Hat, løgn og
konspirasjonsteoriar om andre menneske. Ord som fråtok andre menneskeverdet.
Når vi i 2024 minnest ofra
for Holocaust, skjer det med eit alvorstungt bakteppe.
Arbeidarrørsla har gjennom
historia løfta fanen høgt mot fascismen, jødehat og krefter som vil knuse
demokratiet. Holocaust-dagen er ikkje berre ein minnedag, men påminning. Ei
åtvaring om det giftige tankegodset som leia til folkemord.
Kreftene på ytre høgre kan
verke overveldande. Likevel må vi ikkje gløyme den mykje større krafta som ligg
i det demokratiske fellesskapet.
Dei siste vekene har opp mot 1,4 millionar
tyskarar tatt til gatene for å demonstrere mot AfD og ytre høgre.
Folk som ikkje berre minnest Holocaust med skam og avsky, men med vilje til å
kjempe for eit «aldri meir».
Det gir håp.
79 år etter frigjeringa av
Auschwitz risikerer Europa å gløyme. Då bør vi minne kvarandre på Herman
Sachnowitz’ siste ord i «Det angår også deg»:
«Ein dag skulle eg bli
sterk igjen, sterk nok til å kunne fortelle sanninga – til kvar den det måtte
angå – sanninga om alle mine døde, seks til sju millionar jødar som vart
systematisk utrydda i tyske konsentrasjonsleirar.»
HAR
DU NOKO PÅ HJARTA? – SKRIV DI MEINING