Har Jesus komme igjen, eller skal vi framleis
venta?
JESU
TILBAKEKOMST: Openberringsboka avsluttar slik: «Han som vitnar om dette, seier:
‹Ja, eg kjem snart.› Amen. Kom, Herre Jesus!» skriv Kåre Torbjørnsen. Foto:
Odd Mehus
Debatt
Kåre
TorbjørnsenReksteren
Publisert: 07.03.2024 07:34
Er
det bortkasta å venta på Jesu tilbakekomst? Spørsmålet verka for dei fleste
kristne uforståeleg. Men ikkje for alle. For nokre med preteristisk
bibelforståing, er svare opplagt: Jesus har komme. Vi treng ikkje venta meir.
I
1 Peter 3,15–16 skriv apostelen noko som for meg vert svært relevant i møte med
dette synet. «Ver alltid førebudde, så de kan svara for dykk når nokon krev
dykk til rekneskap for det håpet de eig. Men gjer det audmjukt og med
gudsfrykt, så de kan ha eit godt samvit.»
No
opplever eg at preterismen krev meg til rekneskap for det håpet eg eig. Då vil
eg, slik Peter oppfordrar meg, forsvara mitt kristne håp, Jesu tilbakekomst.
Men samstundes vil eg gjera det audmjukt og med gudsfrykt. Dette for mitt eige
samvits skuld. Men også for at eg ikkje skal bli overlista av Satan slik at han
får det slik han vil. «(...) så vi ikkje skal bli overlista av Satan. For vi
veit kva han vil» (2 Kor 2,11). Det han vil, er å skape tvil om Guds ord. Og
skape splid mellom brør.
«Først
og fremst skal de vita at i dei siste dagar skal det koma folk som følgjer sine
eigne lyster, som spottar og seier: 'Kva med lovnaden om at han skal koma att?
Fedrane våre er døde, men alt er som det har vore frå verda vart skapt.'»
I
preterismen er fokus på og forståing av tidsfaktor i profetordet viktig. Det er
det. Men når ein med dei mange ord i Openberringsboka som «snart, om kort tid
og liknande» vil lese boka primært som samtidshistorie, er eg redd for at ein
konkluderer for lettvint.
Kva
med det Peter skriv i sitt andre brev: «Men ein ting må de ikkje gløyma, mine
kjære: For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag. Det er
ikkje rett, det somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei,
han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå tapt, men at alle skal
nå fram til omvending.»
«Vi
vil ikkje, sysken, at de skal vera uvitande om …» Det er Paulus som fleire
gonger brukar dette uttrykket. Nei, uvitenhet er aldri den beste kunnskap.
I
1 Tess 4,13 brukar Paulus desse orda: «Vi vil ikkje, sysken, at de skal
vera uvitande om dei som har sovna inn, så de ikkje skal sørgja som dei andre,
dei som er utan håp. For så sant Jesus døydde og stod opp, og det trur vi, så
skal òg Gud ved Jesus føra dei som har sovna inn, saman med han. Dette seier vi
dykk med eit ord frå Herren: Vi som enno lever og blir att her heilt til Herren
kjem, skal slett ikkje koma før dei som har sovna inn. For når det bydande
ropet lyder, når erkeengelen lyfter si røyst og Guds basun ljomar, då skal
Herren sjølv stiga ned frå himmelen, og dei døde i Kristus skal først stå opp.
Så skal vi som har vorte att og enno lever, rykkjast bort saman med dei i
skyene og møta Herren i lufta. Og så skal vi alltid vera saman med Herren.
Trøyst kvarandre og set mot i kvarandre med desse orda!»
Få
ord i Bibelen gir oss ei sterkare lovnad om Jesu tilbakekomst. Skal preterismen
få desse orda til å bli utan trøyst for oss?
Openberringsboka
avsluttar slik: «Han som vitnar om dette, seier: 'Ja, eg kjem snart.' Amen.
Kom, Herre Jesus!» Skal vi som lever etter år 70 forandre vår gjensvaret til
Jesu løfte om snarleg tilbakekomst? Vi seier ikkje lenger: «Amen. Kom Herre
Jesus.» Men no seier vi: «Amen. Takk at du kom i år 70, Herre Jesus.»
Blir
ikkje dette risikabelt all den tid nettopp Openberringsboka åtvarar så sterkt
mot å leggje til eller ta bort noko i boka?
Som
Johannes avsluttar Openberringsboka, slik gjer eg det og: «Herren Jesu nåde
vere med alle!»
Endetids-striden:
Teolog oppfordrer til ydmykhet
Den folkekjære
evangelisten endret endetidssyn. Nå stemples han som vranglærer