Farleg å politisere
Holocaust
BERGEN OFFENTLIGE
BIBLIOTEK: Frå venstre: Pål Tore Haga, Faicel Chaaibi, Solveig Moldrheim, On
Elpeleg og Cora Alexa Døving. Foto: Ivar Fjeld
– Lag ikkje politikk ut av
antisemittisme. Dette må stogge. Min familie tør ikkje være med på Norsk
Folkehjelp sine markeringer av Holocaust. Dette sa On Elpeleg, representant for
det Jødiske samfunnet i Bergen.
Ivar Fjeld
Journalist
Publisert: 09.05.2025
kl 16:39
·
Omlag
100 menneske møtte fram til debatt om krigen i Midtausten i regi av Kirkelig
Dialogsenter på Bergen offentlege bibliotek. On Elpeleg deltok i panelet som
representant for det jødiske samfunnet. Men understreka at han først og fremst
snakka på vegne av seg sjølv.
– Etter 7.oktober
opplevde barna våre trugsmål og professorar måtte skifte kontor.
Utanriksminister Bart Eide seier at auken i antisemittisme skuldast krigen. Det
er ikkje sant. Den er over alt, men ingen vil eige den. Det må bli slutt på politiseringa
av antisemittismen. Det er farleg. Min familie er redd. Vi tør ikkje møte fram
når for eksempel Norsk Folkehjelp vil skipe til markeringar av Holocaust, seier
Elpeleg.
Faicel
Chaaibi representerte Bergen Moské. Han understreka at mange muslimar kjenner
på ein sorg over at dei har mista palestinske medlemer av familien.
–
Dette handlar ikkje om krig og situasjonen i Gaza. Det handlar om Israel si
framferd mot palestinarar mange stader. Som for eksempel på Vestbredden.
–
Eg kjenner folk som er drepne av terrorister frå Gaza. Folk som vart brent
levende, repliserte ein opprørt Elpeleg. 96 prosent av jødane i Bergen har
blitt konfrontert med Israel sin kamp i Gaza, som om vi er med på et folkemord.
Kva har vi med Israel sine handlingar å gjøre?
Stor auke i hat-kriminalitet
Cora
Alexa Døving understreka kor viktig bruk av ord er.
–
Sei heller stopp bombene, enn å sei ingen sionistar i våre gater, var klare ord
frå forskaren ved HL-senteret. Ho minna panelet på at føremålet med dialog
ikkje er å provosere, men å få slutt på konflikten.
Pål
Tore Haga er radikaliserings-ansvarleg i Politiet Vest.
–
Israel si krigføring fører til ei radikalisering også i Noreg, forklarte Haga.
Han understreka at politiet si viktigaste oppgåve er å forsvare ytringsfridomen
og demokratiet. Så la han til:
–
Vi tek alle meldingar på alvor. Hat-kriminaliteten har auka sidan 2023. Det er
ein stor auke. Vanlegvis har vi 15-19 slike saker i året. Men i 2024 fekk vi 50
klager på antisemittisme frå jødar. Vi fekk som samanlikning 81 meldingar frå
muslimar om islamofobi. Undervisnings-ansvarleg Solveig Moldrheim ved
Raftostiftelsen viste til at krigen i Midtausten har skapt frykt hos barn og
unge.
–
7.oktober 2023 var det haustferie i Bergen. Då elevane kom attende i skulen,
opplevde vi tause klasserom. Barn og ungdom visste ikkje kva dei skulle sei,
kva ord dei skulle nytte. Vi oppdaga at dei navigerte nyhetsbildet på TikTok.
Og privat gav utrykk for at dei var redde for at det skulle bryte ut ein storkrig
som ville råka dei, åtvara Moldrheim.
Det vart opna for spørsmål frå salen. Ei oldemor
kjente seg utrygg i gatene i Bergen. Og ville vite kva politiet vil gjere for å
auka tryggleiken for folk som opplever redsle når folk brøler «Allahu akbar» og
vifter omkring seg. Ei anna kvinne hadde blitt fråriven eit Israelsk flagg
under ei markering i regi av Med Israel for Fred. Pål Tore Haga viste til at
det er dei operative leiinga i politiet som tar stilling til kva som skal
gjerast i samband med trugsmål som oppstår i samband med lovlege politiske
demonstrasjonar.
KrF-leder
Dag-Inge Ulstein går hardt ut mot LOs vedtak om økonomisk boikott av Israel.
Foto: Paul S. Amundsen / NTB
KrF om LO-vedtak om boikott av Israel:
– Samme politiske linje
som Nord-Korea
KrF-leder Dag-Inge Ulstein går hardt ut mot LOs vedtak om økonomisk
boikott av Israel, og kaller det et usedvanlig dårlig forslag.
NTB
Publisert: 09.05.2025 kl 17:08
–
LOs forslag innebærer at Norge legger seg på samme politiske linje som Iran og
Nord-Korea, sier partileder Dag-Inge Ulstein i Kristelig Folkeparti (KrF) til
NTB.
Han
sier at økonomisk boikott og isolering av Israel ikke er en effektiv vei til
fred i Midtøsten.
–
Det er kun et effektivt tiltak for at Norge ikke skal ha noen som helst rolle
for å bygge fred i regionen. Slik sett er det i tråd med regjeringens politikk
de siste årene, sier Ulstein.
Fredag
vedtok LO-kongressen med stort flertall å støtte jobbe for at Norge skal fremme
en internasjonal økonomisk boikott av Israel, i strid med Arbeiderpartiets
mening.