Ekstremisme på bedehuset?
KRITISK BLIKK:
Også såkalla kristenkonservative treng kritikk, men han må vera rimeleg, og
underbygd med fakta. Foto: Odd Mehus
Leder
Publisert: 19.04.2024 19:22Sist
oppdatert: 19:22
Den
siste tida har gitt mange innblikk i korleis politisk tankegods på venstresida,
også av det meir ekstreme slaget, framleis ser ut til å spankulera sjølvsikkert
på tunet i norsk politikk.
Trass
tallause døme på kor uproduktiv og brutal marxisme og leninisme som politisk
system har vore opp gjennom historia, ser vi stadig unge politikarar på
venstresida omfamna nettopp slikt tankegods.
Det
er noko uhyggeleg over det heile når nyvalt leiar i Raud ungdom, Amrit Kaur med
eit smil skildrar den eine nestleiaren sin som «en iraker som elsker Lenin»
på Politisk kvarter i NRK. På den andre
sida, er det også noko frigjerande over den realitetsorienteringa som alt
ståket i ungdomspartiet representerer.
Raudt er faktisk
eit kommunistisk parti. Trass moderpartiets iherdige strev med å normalisera
ein svært ytterleggåande ideologi dei seinare åra; Ungdomspartiets ekstreme
retorikk gir oss påminninga vi treng. Arven dei forvaltar, er totalitær og
ekstrem.
Ein
av dei som nyleg har vore ute og åtvara mot desse ekstreme tendensane, er Vårt
Lands kommentator Emil Andre Erstad. I sin analyse vektlegg han på
førebiletleg vis at vi ikkje må le av Amrit Kaur og andre unge som sleper
ekstreme tanka inn på den politiske manesjen. Vi må ta dei på djupt alvor.
Men
dei vidare tankespranga frå ein som definitivt kan betre, er rett og slett til
å gni seg i auga av. Erstad dreg nemleg inn sin eigen «ekstreme» bakgrunn – frå
bedehusland som ein parallell. Rett nok presiserer han at han var ekstrem «på
ein heilt annan måte enn Kaur».
Men
han finn likevel likskapar mellom si eiga «reise inn og ut av
kristenkonservatismen, og Kaurs openberre romantisering av dei blodige rørslene
som har gått under fanene med hammar og sigd».
Samanlikninga
er heilt bak mål.
Poenget
her er ikkje at vi har ei bedehusrørsle som treng vern mot eit kritisk blikk.
Bedehusrørsla blir tvert om ofte både karikert og utsett for kritiske blikk.
Det er sunt og nødvendig. Poenget er at samanlikninga er heilt bak mål.
Bedehusrørsla
er ei grasrotrørsle utan ein utprega slagkraftig politisk fløy. I åra som har
gått sidan ho vaks fram frå 1840-talet, i kjølvatnet av avskaffinga av det
privilegiet som konventikkelplakaten representerte, har ho hatt meir enn nok
tid til å visa sitt sanne andlet om ho var av det ekstreme slaget. Det har
ikkje skjedd.
Streng?
Ja. Pietistisk? Absolutt. Men ekstrem, ytterleggåande og totalitær på ein måte
som skulle gjera henne relevant som oppspelspunkt i ein debatt om djup,
politisk ekstremisme? Absurd.
.
Til
det er bedehusrørsla for lite oppteken av å få gjennomslag i storsamfunnet. Ho
har rett og slett hatt svært låge politiske ambisjonar, sjølv om ho på ulikt
vis har hatt stor mobiliseringsevne som folkerørsle.
KrF
kan seiast å vera kristenkonservatives forlenga arm inn i den politiske
manesjen. Men historia om KrF er heller ikkje historia om eit ekstremt
fløyparti, Tvert om. I den grad nisjepartiet KrF har opplevd politisk suksess,
har det vore i rolla som sentrumsparti.
Det
er viktig å ta på alvor alle tendensar til politisk ekstremisme. Det nokon har
kalla eit nyleg «kommunistisk kupp» i Raud Ungdom, minner om kor viktig det er
å utfordra gamle ideologiske spøkelse når dei dukkar opp. Sjølv om dei kjem
spjåka ut i dei mest tidsriktige og ungdommelege gevantar.
Totalitære
ideologiar har Europa sett meir enn nok av. Både kommunisme og leninisme har
blitt prøvde og funne fullstendig forkastelege. Å læra av historia er eit
ansvar vi ikkje skal ta lett på.
Men
det er nesten det motsette som skjer når Erstad indirekte framstiller det som
om mekanismane i det «kristenkonservative» minner om marxistiske rørsler med
«væpna revolusjon» i sin blodige bagasje.
Ved
første augnekast, minner det kanskje om eit sunt, sjølvkritisk blikk. Men når
vi lærer at «kristenkonservative» som marxistar berre må få same «demokratiske
kompetanse» som Vårt Land- kommentatoren sjølv har fått, blir det heile
underleg.
«Kristenkonservative»
treng – og får – kritikk. Kristendomskritikk har ikkje vore mangelvare her til
lands. Av radikale kulturprofilar fekk dei til dømes så hatten passa i den
såkalla kulturkampen i mellomkrigstida. Kritikken den gong hadde røter i
tilbake til opplysingstida, og etablerte sjølv ein kritisk tradisjon som lever
vidare i meir eller mindre organiserte former i dag.
Kvalitetskravet
til slik kritikk må vera at kritikken er rotfest i røynda og underbygd av
faktiske hendingar og konkrete utslag. At han er rimeleg. Alt dette manglar
ideen om at kristenkonservative miljø som årestad for ekstremisme.
.
Den
slags mytesirkulering tåkelegg meir enn dei klargjer. Og vi teng klart blikk på
ulik ekstremisme med religiøst forteikn som faktisk finst i Noreg og som også
har vist vilje til å løysa skot her i vår relativt fredelege Noreg.
Definisjonen
fortel oss at ekstremisme er «ytterliggående forestillinger eller handlingar
der vold anses som et akseptabelt middel for å tvinge gjennom dramatiske
samfunnsendringer, eller oppnå politiske, religiøse eller ideologiske mål.»
Det
er noko anna eit par karar på bakarste bedehusbenk med trongsynte haldningar,
av typen dei fort hadde hatt om dei var på eit møte i 4H, eller sat på benken i
den lokale fotballklubben.
Samanlikna
med ekstremisme, slik han nedfeller seg i norske politiloggar, og eit
ungdomsparti si uttalte lefling med Lenin, viser raskt at norsk bedehusrørsle
faktisk er reine søndagsskulen.