Ein ny bølgje israelsvener
Foto: Matilde Solsvik
– No handlar nesten alt i livet
mitt om Israel, seier David (32)
Han er ein av mange som har
fått eit auka engasjement for Israel. Det merkar Israelsorganisasjonar
– Eg har ikkje opplevd makan,
seier Dag Øyvind Juliussen, som leiar Den Internasjonale Kristne Ambassade i
Jerusalem (IKAJ)
Pastor Steinar Lofnes var fyrst
skeptisk
08 mai 2025
kl. 11:02Av Matilde Solsvik, fotojournalist
Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!
Haustmørkeret ligg over Bergen by. Det er 2. oktober
2023 og inne i Kristkirken i Bergen har Susann Ludvigsen (37) og to andre samla
seg for å be saman.
Det varme lyset frå ein stor, skinande kross på
venstre vegg i kyrkjerommet strekk seg heilt til motsett side av rommet. Her
står to flagg i kryss. Eit noregsflagg og eit israelsflagg.
Saman ber dei og forsøkjer å lytte til kva Gud seier
til dei.
– Og orda me fekk var blant anna: Ikkje gløym mitt
folk.
Susann tenkjer tilbake på kvelden.
BØN: Susann Ludvigsen opplever
eit bønekall og brukar mykje av tida si i bøn og som frivillig i
Kristkirken. (Matilde Solsvik)
– Det var ein veldig spesiell kveld. Vi kjente sånn
på Guds hjarte for Israel og jødane, og opplevde at Gud peika på viktigheita av
at vi er innpoda på deira tre. Frelsa kjem frå dei.
Ho opplevde at dei vart minna på det som skjedde mot
jødane under andre verdskrig.
– Og så skjedde 7. oktober. Då vart det ekstra
sterkt for meg kvifor Gud peikte på desse tinga berre nokre dagar før.
– Ikkje sett makan
Den 7. oktober 2023 vart Israel utsett for eit
terrorangrep frå Hamas. Den palestinske islamistrøyrsla angreip kibbutzar,
tettstader og militærbasar og fyrte av fleire tusen rakettar mot Israel. I
tillegg bortførte krigarane fleire hundre gislar frå Israel til Gaza. Israel
svara med krig mot Hamas.
Nok ein gong dukka den langvarige konflikten mellom
Israel og Palestina opp på framsidene i media, og nok ein gong vart det viktig
for fleire kristne å markere si støtte til Israel. Det merkar fleire
israelsorganisasjonar.
– Det vi har opplevd det siste halvannan året har eg
ikkje opplevd makan til, seier Dag Øyvind Juliussen som er dagleg leiar for Den
Internasjonale Kristne Ambassade i Jerusalem (IKAJ) si avdeling i Noreg.
KAN FOR LITE: Dag Øyvind
Juliussen opplever at mange kyrkjer etterspør kunnskap, og trur at det er
fleire kristne leiarar som ikkje kan så mykje om tematikken. (Matilde
Solsvik)
IKAJ har som hovudmål å «stå med Israel i støtte og
vennskap». No fortel Juliussen at dei opplever ei mobilisering i Noreg.
På den eine sida ser han eit auke av jødehat og
antisemittisme i Noreg, og på den andre sida auka støtte frå kristne som vil
støtte Israel.
– Vi har mange hundre nye givarar og vi opplever at
kyrkjer spør etter kunnskap og informasjon, seier han og fortel at IKAJ har
starta med regionale konferansar. I 2024 hadde dei slike arrangement i
samarbeid med over femti kyrkjer.
ARRANGEMENT: I det siste har
det vore arrangert mange israelskonferansar i Noreg, fleire av dei har vore i
frikyrkjelege og lågkyrkjelege miljø. (Matilde Solsvik)
Det siste halvåret har Juliussen opplevd at
organisasjonen når ut til fleire unge enn tidlegare. Han har jobba i
organisasjonen sidan 1996, men seier han aldri har opplevd eit slikt
engasjement som no.
– Det er eit stort spekter av unge som har opna seg
mykje meir enn tidlegare.
Juliussen skildrar ei sterk grasrotrørsle blant
israelsvener i Noreg, men at Israel likevel har vore eit ikkje-tema i mange
kyrkjer på grunn av den betente situasjonen.
No ser det ut til å endre seg.
Tok avstand frå Israels-tematikk
Då Vårt Land skulle finne ein israelsmøte å dekke,
kunne avisa velje mellom tre ulike konferansar i Bergensområdet som var same
dag. Valet fall på Jesusfellesskapet.
– Eg synest eigentleg heile greia er litt underleg,
fortel Steinar Lofnes (42).
(Matilde Solsvik)
Det er 1. februar og det blafrar i eit banner som
ønsker velkommen inn til Jesusfellesskapet, den frikyrkjelege forsamlinga
Lofnes er hovudpastor for. Innanfor dørene står kaffikoppane ved stolane og
folk med løfta hender i lovsong.
Scena er enkel og moderne, som musikken. Tre ting er
spesielt synlege på scena: ein kross, eit bad til dåp og her også; eit
israelsflagg og eit noregsflagg.
– Eg har ikkje hatt så veldig bevisst forhold til
temaet, seier Lofnes, og legg til at han heller underbevisst har unngått å
forhalde seg til israels-tematikken.
7. oktober
Skremt vekk av eldre israelsvener
Lofnes skildrar ein kultur blant dei eldre
israelsvenene som har brukt mange jødiske symbol og rekvisittar i kyrkjer og i
heimane sine. Dette fortel Lofnes at han har opplevd som fjernt.
FJERN KULTUR: Steinar Lofnes er
hovudpastor i Jesusfellesskapet i Bergen. Han fortel at han har opplevd
kulturen blant eldre Israelsvener som fjern. (Matilde Solsvik)
– Føler du dei eldre i kyrkja har mislykkast med å
fortelje kvifor Israel er viktig?
– Eg vil ikkje påstå at eg har noko korrekt blikk på
alt, men eg har ei oppleving av at ein generasjon er litt skremt vekk.
Han viser til sin eigen generasjon.
– For det ligg jo eitt eller anna her. Når ein les
Bibelen så er jo konteksten Israel og jødane. Tematikken ligg der, og så vert
spørsmålet; kva betyr det for notida?
(Matilde Solsvik)
Han fortel at han er på leit etter kva ein skal tru
på av dei ulike tinga og kor ein har gått for langt.
– Ein vert sett i ein rar mellomposisjon der du har
fokuset i nyheitene, og media og samfunnet generelt og så har du dei eldre og
deira fokus. Kor skal ein finne sin plass? spør han.
Hovudpastoren er også podkastvert i den
kristenkonservative podkasten Kulturkrigen. Han er ofte tydeleg på kva han
meiner, men under dette intervjuet er han meir undrande.
– Eg er i ein prosess sjølv, så dette er meir
høgttenking, seier han medan han ler litt.
For han starta denne prosessen då dei flytta inn i
bygget for nokre år sidan.
Vart trigga av israelsflagget
I 2023 slo Jesusfellesskapet seg saman med
Evangeliekirken, som tidlegare tilhøyrde Maran Ata-rørsla. Jesusfellesskapet
var i vekst med mange unge, medan Evangeliekirken sleit med å fylle lokala
sine.
Då dei skulle flytte inn, måtte Lofnes forhalde seg
til israelsflagget som sto på scena
TAR STILLING: Etter konferansen
har Lofnes skrive innlegg om tematikken på nettsida til kyrkja, oppdatert
nettsida og snakka om Israel i podkasten sin. (Matilde Solsvik)
– I utgangspunktet oppfatta eg det som unaturleg.
Han rynka litt på nasen der han sto og såg på
flagget, skulle dei behalde det?
– Det hadde vorte eit veldig tydeleg statement å
ta det vekk. Både fordi dei eldre hadde hatt det der, men det hadde også blitt
ei markering av at dette vil vi ikkje ha.
Flagget vart dermed verande.
(Matilde Solsvik)
– Det vart ein trygger, då måtte vi finne ut av
desse greiene.
Seinare kom 7. oktober 2023 og Lofnes vart sjokkert
over det han såg på nyheitene om krigen som braut ut på Gazastripa. Samstundes
delte han scene med israelsflagget i kyrkja. Han kjente igjen at han måtte ta
stilling.
Etter konferansen og intervjuet har nettsida til
Jesusfellesskapet har blitt oppdatert:
«Vi trur at Israel har ein unik plass i Guds
frelsesplan og at jødane framleis er Guds utvalde folk.»
Knytt til kristensionisme
Skal ein forstå kvifor Israel er så viktig i ulike
kristne miljø, må ein forsøkje å forstå det teologiske aspektet.
– Grunnleggjande sett handlar det om at jødane skal
tilbake til «det heilage land», der dei meiner dei har røter, og etablere seg
der, seier Erling Rimehaug (78) om kristensionismen sitt utgangspunkt.
I tillegg til å vere tidlegare journalist og redaktør
for Vårt Land, har han gjeve ut fleire bøker om tematikken. Han seier
israelstøtta i kristne miljø er knytt til kristensionisme, ei rørsle som
oppstod på 1700-talet.
FORSKJELL: Erling Rimehaug
forklarar at det er forskjell på det kristne sionismen som kom først og den jødiske
sionismen. (Erlend Berge)
Denne tidlege kristensionismen var oppteken av at
jødane måtte komme til sitt eige land. Ein tenkte ikkje i politiske banar om
ein jødisk stat.
Dette skil seg frå den jødiske sionismen som starta
som ei politisk rørsle som oppstod blant jødar i Europa på 1800-talet. Dei
ønska ein jødisk stat i Palestina, der jødane har sine røter.
– Dei som vart kristensionistar las profetiar og
lovnader i Bibelen og tolka det som at først må jødane komme tilbake til
Israel, og då kjem jødane til å vende seg om til Jesus som Messias.
Rimehaug dreg linja vidare til 1800-talet. Då starta
John Nelson Darby (1800–1882) ei rørsle som fokuserte på endetid.
– I denne forståinga av endetida måtte jødane
tilbake til landet sitt før Jesus kunne komme tilbake.
Etter kvart kom det mange greiner under omgrepet
«kristensionisme», men lenge handla det ikkje om politikk, fortel Rimehaug.
Det har endra seg.
Oppfylling av profetiar
I 1948 vart staten Israel oppretta, ei hending som
kristensionistane opplevde som ei oppfylling av Guds løfte til Abraham, om at
hans etterkomarar skal arve landet. Og av mange profetiar om at jødane som er i
eksil skal vende heim til landet sitt, til dømes i Jesaja og Jeremia, fortel
Rimehaug.
– Det var mange som opplevde det som ei stor
religiøs oppleving.
Dermed vart staten Israel teologisk viktig, og
kristensionismen vart politisk.
– Denne kristensionismen var veldig brei i Noreg,
mange såg det som viktig å støtte den israelske staten, fortel han om tida
etter 1948.
På denne tida anerkjende ikkje nabolanda opprettinga
av staten Israel. Dette gjorde at landet var utsett for krig, og i Vesten
oppfatta mange Israel som den svake part i Midtausten.
– Så det skjer eit slags skilje når Israel erobrar
Vestbreidda i 1967, fortel Rimehaug.
(Matilde Solsvik)
På denne tida viser Israel at dei ikkje lenger er
den svake part, men ei stor militær styrke. Rimehaug fortel at erobringa vart
ei politisk sak for høgresida i Israel.
– Det er på denne tida kristensionismen vert meir
kontroversiell.
Men mange sto framleis med Israel.
– Fleire meinte at det var oppfylling av profetien
og Guds vilje at dei skulle erobre Vestbreidda.
Frå å vere breitt forankra i mykje av den norske
kristenheita, er det no i dei mindre og særleg lågkyrkjelege miljø
Israelsstøtta står sterkast.
Kristkirken i Bergen er ei av desse.
Rekordår for IKAJ
– Det Israels folk opplevde den 7. oktober var eit
traume, reaksjonen til folk var endå eit traume. Men Gud har miskunn med dette
folket.
Dag Øyvind Juliussen talar på scena i Kristkirken.
Helga etter konferansen i Jesusfellesskapet har IKAJ sin regionskonferanse i
Kristkirken. IKAJ har merka støtta spesielt godt økonomisk.
KONFERANSE: I Kristkirken i
Bergen var det regionskonferanse for IKAJ, her kom folk frå fleire
frikyrkjelege miljø. (Matilde Solsvik)
– Gåveinntektene i fjor var historisk, gjennom 45
år, fortel Juliussen.
I 2022 hadde IKAJ gåveinntekter på 16,4 millionar og
i 2023 kom det over 17,2 millionar. I 2024 hadde organisasjonen rekordår då dei
passerte 24 millionar.
Også Med Israel for Fred (MIFF) og Ordet og Israel
fortel til Vårt Land at dei har sett ei tydeleg auke i gåver i 2024.
Juliussen meiner dette er kristne som responderer på
antisemittisme og på det han meiner er ein urettferdig krig mot Israel der alle
nabolanda ønsker å utslette Israel.
Dette har vore kampsak for fleire israelsvener i
mange år.
Viktig sak for fleire enn dei eldre
I salen sit Susann Ludvigsen og følgjer med på
Juliussen. For ho er ikkje israelsflagget på scena framand.
– For meg har det ikkje vore så stor forskjell før
og etter 7. oktober.
(Matilde Solsvik)
På ein trekross bak lovsongsteamet heng ei
davidsstjerne laga av små plastblomar.
– Den laga eg etter 7. oktober for å vise mi støtte.
Ludvigsen er mild i stemma når ho snakkar.
– Vil du kalle deg ein israelsven?
Ho nøler litt.
(Matilde Solsvik)
– Altså, israelsven, då høyrest ein fort ut som ein
pensjonist, men ja, eg er det.
Ludvigsen meiner det er lett å sjå for seg den eldre
garde når ein høyrer omgrepet, og legg til at dei er flinkast til å møte opp på
israelsmøte i kyrkja.
Det gjeld også på denne konferansen, men det er
fleire unge til stades.
– Eg håpar at det er på veg til å snu, for det er
ein viktig sak for langt fleire.
(Matilde Solsvik)
VELSIGNING: Susann Ludvigsen
meiner det viktigaste er å be om velsigning for Israel. (Matilde Solsvik)
Det er tydeleg at fleire unge på konferansen har eit
anna forhold til tematikken enn dei eldre. Når Vårt Land prøver å få intervjue
den yngre garde om temaet, er det vanskeleg å få eit ja. Fleire svarar at dei
ikkje føler dei kan nok, eller at dei ikkje vil snakke om dette i avisa fordi
tematikken er betent.
Men ein er lett å komme i prat med.
Trur Jesus kjem att snart
Etter kvart samlar eit bøneteam seg på scena.
Bak i salen sit David Bollen (32) frå New Zealand.
På beina har han fjellsko og på hovudet ein caps.
(Matilde Solsvik)
– Eg trur at om vi ikkje skjønar Israel i desse
dagar, så trur eg ikkje vi vil forstå ein einaste ting i det som kjem til å
skje framover.
Bollen er både mild og tydeleg når han fortel.
– Eg trur vi lever i dei dagane Jesus kjem igjen, og
han kjem igjen for å frelse sitt folk. Og om vi ikkje vel å stå med Israel, men
vel å stå i mot dei, så vel vi å stå i mot Gud.
For han starta det på ei reise frå Cape Town til
Israel med organisasjonen Ungdom i oppdrag.
– Heile målet var å komme til Jerusalem, men eg
gleda meg ikkje. Eg hadde aldri møtt ein jøde, og eg hadde mykje forakt mot
Israel på grunn av at media i New Zealand var så kritiske.
SKEPTISK TIL MEDIA: John David
Bollen meiner fleire norske og utlandske media skriv om konflikten frå ei
side. (Matilde Solsvik)
Han fortel at han trudde han hadde skjønt alt, men
ein tur til Vestbreidda fekk han til å reflektere over kvifor han tenkte som
han gjorde.
– Då starta prosessen der eg byrja å nullstille meg.
Gud starta å sette folk i livet mitt som kunne undervise meg om landet og
folket.
Bollen fortel at det forandra han.
– Og no handlar nesten alt i livet mitt om Israel.
Var skeptisk til Israel
Bollen var i Israel 7. oktober 2023 og fortel at
særleg dei to siste åra har prega engasjementet hans for landet.
– Då eg valde å bli igjen der, så tenkte eg at det
kanskje vart det siste og viktigaste valet eg tok i livet mitt.
Han følte seg kalla av Gud til å bli igjen i landet.
John David Bollen var i Israel
7. oktober 2023. (Matilde Solsvik)
– Du trur endetida er nær og at det vert avgjerande
om ein står med Israel eller ikkje?
– Ja. Eg meiner
Israel må ta tilbake landet Gud har gjeve dei.
Bollen fortel at han meiner landegrensene er viktig
for Gud og at han er kritisk til korleis Israel vert framstilt i fleire medium.
– Men du trur ikkje at du kan bli for farga av
Israels-sida?
– Nei, eg les jo
alt av media. Både BBC, norske media som NRK og VG og israelske media.
Kristne erstattar jødane
I dag er langt ifrå alle kristne opptekne av å
støtte Israel, tvert om. Fleire kyrkjer er opptekne av å vise si støtte til
Palestina. Dei kan ha ulike teologiske grunngjevingar for det.
– Ei sentral tilnærming har vore det som vert kalla
erstatningsteologi. På ein måte er det den klassiske kristne teologien som både
Den katolske kyrkja og Luther tok med seg, fortel Erling Rimehaug.
Denne teologien sa at etter at Jesus kom, er det
gjennom kyrkja lovnadene til Israel vert oppfylt.
– Kyrkja erstatta dermed jødane som det utvalde
folket. Etter holocaust tok mange kyrkjer oppgjer med denne teologien. No er
det nok meir solidaritet med den svake og frigjeringsteologi som motiverer
støtte til palestinarane, seier Rimehaug.
Skeivt mediebilete
– Eg trur ingenting på at Gud har forkasta sitt
folk, for han heldt ordet sitt. Han er trufast. Han har eit løfte til jødane.
Tilbake i Kristkirken er Susann Ludvigsen klår på
dette temaet.
TILBEDING: På konferansen i
kristkirken er kvelden sett av til bøn og lovsong for Israel. (Matilde
Solsvik)
– Eg meiner nesten ein kan verte frelst gjennom å
studere historia til jødane. At dei lever, at dei framleis er eit folk, er eit
skikkeleg mirakel.
Ho legg til at antisemittismen har ført jødar
tilbake til Israel etter 7. oktober-hendinga. Men ho føler også med
palestinarane.
– Eg trur alle israelsvener synest det er tøft og
sjå kva som skjer her, for me har jo omsorg for begge sider. Det er menneskeliv
på begge sider.
Ludvigsen fortel at ho meiner det er Hamas som har
skulda, men fortel at å vere israelsven ikkje betyr å støtte alt Israel gjer.
(Matilde Solsvik)
– Det er mange gongar eg har begynt å grine fordi eg
synest det er så trist det som skjer, og sjå dei sivile på begge sider, det er
tøft å observere.
Likevel meiner ho at ikkje alt vert formidla riktig
i norske medium og at ho saknar å sjå meir frå Israel si side.
– Norske medium er diverre skremmande skeive.
Meir enn politikk
For Ludvigsen er det andelege perspektivet viktig.
– Gud har sagt at Israel skulle få landet sitt
tilbake. Det er sterkt at vi har vore vitne til det, at dei fekk landet
tilbake. Og det står i Bibelen at dei skal komme frå heile
verda tilbake til Israel og det har vi sett.
(Matilde Solsvik)
Ho er litt forsiktig når ho snakkar.
– Jesus kjem frå dei, frelsa kjem frå dei. Satan
hatar dei.
Ludvigsen trur dette er meir enn politikk.
– Det er så tydeleg ein åndskamp.