Ei øy prega av mange vekkingar
BIBELUNDERVISNING: Bibelutleggelse og ungdomsarbeid
er to viktige på Berøa Langåker der Jostein Høyvik, Ottar Brekkå og Karl Brekkå
er blant lederne. Tore Hjalmar Sævik
Mange bølgjer
med kristen vekking og mange markante lokale kristenleiarar har sett eit
spesielt preg på kristenlivet på Karmøy.
Tore Hjalmar Sævik
Publisert 07.11.20 - 15:11 Sist oppdatert 07.11.20
- 15:11
Del på FacebookDel på TwitterDel på e-post
– Det er eit stort pluss på Karmøy at kristne har kunna stå skulder ved
skulder, seier Johan Halsne.
Han arbeider som krinsleiar på Sunnmøre for Indremisjonsforbundet, men
kjem frå Rogaland. Sidan starten av 1980-talet har han halde kontakt med
kristne på Karmøy.
– Eg opplever at det er eit lynne som er til å kjenne igjen langs
kysten, enten ein er på Flekkerøy på Sørlandet, på Sunnmøre eller på Karmøy.
Menneske er opne for å vise kjensler og har ein direkte omgangstone med
blanding av humor og alvor, reflekterer Halsne.
Djupe spor
Dei andre områda har også vore prega av kristne vekkingar, men på
Karmøy meiner han desse har gått endå djupare, pågått opp i nyare tid og sett
meir langvarige spor.
– Ein har også klart å drive det kristne arbeidet med ei form som har
generert nye truande, påpeikar han.
Engelsk inspirasjon
Eit av bedehusa han har halde kontakt med, er Berøa Langåker. Det ligg
nokre kilometer sør for Åkrehamn.
På dette bedehuset har dei vore opptekne av å ta vare på åndelege
impulsar frå ein lågkyrkjeleg «reformert» tradisjon som har stått særleg sterkt
på Karmøy.
Historisk har dette straumdraget til ein viss grad henta inspirasjon
frå dei engelske Plymouth-brørne i England.
Dei var kjenneteikna av personleg vekkingsliv, ein enkel
kyrkjeorganisasjon, sterk tillit til Bibelens bokstavlege inspirasjon og
forventning om Jesu snarlege gjenkomst i lys av bibelske profetiar. Dei har
også distansert seg frå ei luthersk forståing av nattverd og dåp.
Kjende forkynnarar
Forkynnarar som Angus MacKinnon og Joseph Adam var mykje brukte som
talarar i forsamlinga. Angus MacKinnon busette seg etter kvart på Langåker.
– Vi praktiserer både vaksendåp og barnedåp, opplyser styreleiar Ottar
Brekkå som har teke plass i stolradene i det moderne bedehuset.
– Grunnen til at det heilt frå starten av har vore to dåpssyn i
forsamlinga, er nok at «brødrene» og blant andre Adolf Bjerkreim såg ulikt på
dette, forklarer Brekkå.
Den i si tid landskjende forkynnaren Adolf Bjerkreim (1887-1963) og
seinare sonen Arnold Bjerkreim (1924-2016) var bibellærarar som sette preg på
Berøa og fleire andre kristne miljø på Karmøy og langs kysten, mellom anna
gjennom det «frie bibelkurset» som har vore arrangert årleg på forskjellige
stader langs kysten.
Satsar på unge
Medan typiske møteveker er blitt sjeldnare mange stader, held Berøa
Langåker fast på møtehelger omlag tredje kvar helg.
– Vi mister noko viktig når vi ikkje har kontinuerleg og gjennomgåande
forkynning. Det vert eit underskot på undervisning frå Guds ord, seier Johan
Halsne som ofte har vore gjestetalar på Berøa Langåker.
Dette året er Karl Brekkå eittåring på bedehuset samstundes som han er
andreårsstudent ved Bildøy Bibelskole.
– Vi har fått fart i ungdomsarbeidet igjen, etter å ha slite lenge med
at det har vore lite folk, seier han.
– Det er mange som er engasjerte i barne- og ungdomsarbeid, og at det
er godt oppmøte på sundagsskulen og på ungdomsmøta, fortel Ottar Brekkå.
Dei er overtydde om at det å nå ungdommen med forkynning er ein nøkkel
til å nå både foreldre og born.
Stor breidde
Dei færraste i forsamlinga er medlemer i Den norske kyrkja.
– Vi ser på oss sjølve som ei «frimenighet», men samtidig er vi ein del
av bedehuslandskapet. Vi høyrer ikkje til nokon organisasjon eller
kyrkjesamfunn, men vi har tradisjon for å invitere forkynnarar frå Norsk
Luthersk Misjonssamband, Evangelisk Orientmisjon, Indremisjonsforbundet, Lys
over land og De Frie Evangeliske Forsamlinger.
Tidlegare hadde dei ofte besøk av fokynnarar som reiste utan
tilknytning til nokon organisasjon, men dei er det ikkje mange igjen av no.
– Er det aktuelt å få ein eigen pastor?
– Eg trur ikkje vi har økonomi til det. Det har ikkje vore eit tema,
seier Ottar Brekkå.