https://imengine.public.prod.agp.infomaker.io/?uuid=b3fe85b7-7c19-56d5-adb1-19da5e81f57b&function=fit&type=preview&source=false&q=75&maxsize=112&scaleup=1

 

 

Dagen podkast: set sluttstrek.Er ei tid for alt

 


https://image.dagen.no/1449562.webp?imageId=1449562&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg

 

ULEST: Vertane for Dagen-podkasten Ulest. F. v.: Tore Hjalmar Sævik (Dagen-journalist), William Grosås (teolog og høgskulelektor ved NLA) og Peder Solberg (teolog, kyrkjehistorikar og fyrstelektor ved NLA).Foto: Bjørn Olav Hammerstad

 

Etter halvtanna år med jamleg produksojn av episodar har podkasten Ulest kome til vegs ende. - Ikkje utelukka at me kjem attende med meir, seier Dagen-journalist Tore Hjalmar Sævik.

 

Gunnhild LønningJournalist

Publisert 27.06.25 - 19:00

Del på FacebookDel på TwitterDel på e-post

I tidsrommet november 2023 til juni 2025 har titals Ulest-episodar vorte spelte inn av den historie-interesserte Dagen-journalisten Tore Hjalmar Sævik saman med NLA-lektorane William Grosås og Peder Solberg.

No har produksjonen kome til vegs ende - enn så lenge. Den siste episoden vart publisert for eit par dagar sidan.

- Det er jo litt vemodig, men det er ei tid for alt, seier Tore Hjalmar Sævik, som skildrar arbeidet med Ulest som gjevande, lærerikt og fascinerande.

Òg Dagens reportasjeleiar Eivind Algrøy uttrykkjer eit visst vemod over endestasjonen.

 

Eivind Algrøy,
Reportasjeleiar i Dagen

– Ulest har verkeleg vore eit fellesprosjekt, der Peder og William sin akademiske kompetanse og Tore Hjalmar si journalistiske nyfikne vart ein perfekt «match». Evna til å gje seg på topp er det ikkje alle som har. Denne podkasten vil me sakna.

«Ulest» - kristne klassikarar

Podkast som utforskar tekstar frå kvart hundreår av kyrkja si historie.

Produsert i samarbeid mellom NLA Høgskolen og Dagen.

Teologane Peder Solberg og William Grosås samtalar med journalist Tore Hjalmar Sævik.

Alle episodane er fritt tilgjengelege på Spotify, Apple podkast og andre plattformer som formidlar podkast.

Sævik, Solberg og Grosås utforskar to tekstar frå kvart hundreår, men har òg utgjeve ein del bonusepisodar. Totalen er 73 episodar.

Djupdykk i kykjehistoria

Gjennom 73 episodar losar podkast-trioen lyttarane gjennom to kyrkjehistoriske tekstar frå kvart hundreår sidan Jesu fødsel.

Mellom anna har dei kontekstualisert tekstane og diskutert kva for ei tyding dei har hatt for både samtida og ettertida.

 

https://image.dagen.no/1434955.webp?imageId=1434955&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=720&format=jpg

 

FORSTÅING: Arbeidet med dei kyrkjehistoriske tekstane har gjeve Tore Hjalmar ei breiare forståing av dei tidlege kristne sitt liv og virke.Foto: Tarjei Gilje

Det er særleg den konstante aktualiteten til tekstane som har fascinert Sævik, men òg det faktum at det er enkelt å kjenna seg att i kyrkjefedrane - trass i at dei ytre omstenda har endra seg drastisk gjennom hundreåra.

- Det har vore både spanande og lærerikt å oppdaga det havet som finst av kristen litteratur, og det at Gud er den same og menneska dei same, uansett kva for ei tid ein lever i. Ein har mykje å læra av dei som levde før oss og meir til felles enn ein skulle tru.

Til oppbygging

Bak tittelen Ulest løyner det seg eit mål om å gjera ukjende, og moglegvis ulesne, tekstar tilgjengelege for folk flest, uansett føresetnader.

Men det stoppar ikkje der. Ein vesentleg del av motivasjonen bak serien har nemleg vore å styrkja kristne i truslivet.

- Ynsket har vore å laga ein oppbyggjeleg serie. Me har hatt eit mål om å ta lyttarane med på ei kyrkjehistorisk oppdagingsreise på ein måte som er nærande for trua, seier Sævik.

 

https://image.dagen.no/1449588.webp?imageId=1449588&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg

 

TEOLOGAR: William Grosås og Peder Solberg er teologar og høvesvis høgskulelektor og fyrstelektor ved NLA i Bergen. Dei tok initiativ til Ulest og ville gjerne få til eit samarbeid med Dagen.Foto: Bjørn Olav Hammerstad

Til gjengjeld har responsen vore overstrøymande positiv.

- Fleire har sagt at dei har opplevd serien som lærerik og fornyande, fordi ein får ein type kjennskap til den kristne arven som ein gjerne ikkje hadde, held Sævik fram.

Òg reportasjeleiar Algrøy gjev podkast-serien varme skotsmål.

– Ulest har utforska kyrkjehistoria på ein fagleg sterk og underhaldande måte. Det har hatt stor verdi for både publikum og oss som avis.

Kjem truleg attende

No vender både Sævik og Algrøy blikket sitt framover, men Dagen-lesarane- og lyttarane treng ikkje fortvila.

- Det er alltid meir å oppdaga. Den kristne tradisjonen er rik og vidfemnande, seier Sævik og understrekar at ein ny sesong av Ulest ikkje er utelukka.

Algrøy gjev uttrykk for det same, utan å gje for sterke lovnader.

Han kan likevel meddela at nokre spanande podkastprosjekt er under utvikling,- mellom dei eit litterært.

- Så det kjem meir ljod frå Tore Hjalmar og andre her i Dagen, det er sikkert.

podkast ulest dagen tore hjalmar sævik nyheter kyrkjehistorie

Del på FacebookDel på Twitter