DEMONSTRASJON MOT NRK:
Seneste utslag av protester mot Israel skjedde utenfor NRK 5. januar mot
Israels deltakelse i Eurovision Song Contest. Foto: Heiko Junge / NTB
«Det folk hvori vår Herre og frelser
blev født»
Meninger
Egil Morlandprofessor emeritus i teologi, NLA Høgskolen
Publisert: 03.01.2024 22:30Sist oppdatert: 06.01.2024
11:35
Ved kvar jul vi feirar bør vi bruka tid til å reflektera
over samanhengen mellom Jesu fødsel og jødefolkets lagnad.
Det gjeld særleg samanhengen mellom Jesu ord og gråt over
Jerusalem (Luk 19,41–44) og tolkinga av eit kjent ord hos profeten Sakarja
(12,10): «Då skal dei sjå på meg, på han som dei har gjennomstunge.»
Artikkelen
fortsetter under annonsen.
Pogromar og forfølging, like til holocaust, har henta
tankegods og galskap frå ei kopling mellom desse orda som låser begge fast i ei
bestemt tolking.
Resonnementet er slik:
Det var «Jerusalem», dvs. jødane, ikkje leiarane deira
eller romarane og slett ikkje menneskeætta (Adams ætt), som var skuld i Jesu
død. Det var jødefolket. Og sidan Sakarja talar om og til «Davids hus og dei
som bur i Jerusalem», er koplinga til Luk 19 lett å gjera.
EGIL MORLAND: Professor
emeritus i teologi, NLA Høgskolen. Foto: Tore Hjalmar Sævik
Trass i at det meste av kap. 12 hos Sakarja faktisk er
trøysteord til Jerusalem og «Judas hus», som Herren skal vera eit skjold for,
men straffeord mot alle «folkeslag som kjem mot Jerusalem.»
Manglet prest og
måtte avlyse julegudstjenesten. Da ringte det fra fengselet
Det vart tala lite om jødane i preikene under krigen, då
kampen mot «verdssionismen» førte like til utryddingsleirane. Berre ein av dei
som la ned statsembeta sine, sokneprest Bang-Hansen i Ilen kyrkje, nemnde
lagnaden til jødefolket som medverkande årsak til embetsnedlegginga.
Han viste til «statens forhold til det folk hvori vår Herre
og frelser blev født. … Efter Guds ord skal det ikke forfølges. Det skal være
kjærlighet mot det. For Gud er det ikke spørsmål om jøde eller greker. For ham
er både jøder og germanere syndige mennesker som frelses alene av nåde ved
Jesus Kristus.»
Ein annan står det også ein eigen glans av i denne tida.
Det er biskop Henrik Hille, som i ei preike over Jesu gråt over Jerusalem, snur
den tradisjonelle tilnærminga opp/ned: Hille overfører Jesu ord til Jerusalem
til ein dom over kristne si behandling av jødane: «Resultatet ser vi i dag. Et
helvede på jorden. Jesus har i sannhet grunn til å gråte over kristenheten,
over de folk som kalles kristne […]: Å, om dere hadde visst hva der tjener til
eders fred …»
Det er truleg ei sanning for oss alle at vi ikkje alltid
veit kva som tener til vår fred. I jula får vi veta det (Ef 2,3): «Han er vår
fred.»
Journalistar treng eit grunnkurs i
kva islam djupast sett står for
GAZA: Biletet viser ein
rakett fyrt av mot Israel. Foto: Fatima Shbair / AP / NTB
Meninger
Egil Morlandprofessor
emeritus i teologi, NLA Høgskolen
Publisert: 13.10.2023 13:43Sist oppdatert: 14.10.2023
16:43
Dei grufulle hendingane i Israel sist veke reiser på ny
spørsmålet om det er religionen sjølv og ideologien den skaper som må
«adresserast», like mykje som politiske bakgrunnsvariablar.
Derfor treng alle politiske reporterar eit grunnkurs i kva
islam djupast sett står for, slik at dei betre kan vera i stand til å forstå og
forklara for oss kva det er som skjer – og kvifor.
Artikkelen
fortsetter under annonsen.
For: Same kva retning innan islam som dominerer i ulike
land, så er det Hamas sitt andlet som viser seg når kyrkjer i Pakistan vert
brende og pastorar drepne, og når menneskeforakten i Taliban si undertrykking
av kvinner eller Iran sitt moralpoliti viser seg.
Fruktbar teologisk opposisjon
etterlyses
Dei følgjande linjene skreiv eg her i Dagen i 2015:
Spørsmålet er ikkje lenger om enkelte element i ein
religion kan gi individuelle dysfunksjonelle utslag, i strid med det som
religionen «eigentleg» handlar om, men om islam i det heile er rusta til å
finna ein fredeleg plass i eit moderne, multikulturelt samfunn. Er det slik at
religionen i seg sjølv avlar vald mot annleis truande?
Det er som kjent ikkje reell trusfridom i eit einaste
islamsk land i verda.
Det er vidare eit faktum at islam deler verda i to område
(ukjent for sekulære religionskritikarar): Fredens rike, som er islams, og
stridens rike, som er alle vantru, det vil seie alle andre menneske, sitt. Her
er det ikkje grunnleggjande skilnader mellom dei ulike retningane som krigar
innbyrdes. Og dei etiske retningslinene kan endra seg for ein muslim som lever
eller oppheld seg i stridens rike – til dømes i Vesten … «Sanningar» kan ha
datostempel på seg; det er konteksten som avgjer.
Det eg skreiv i 2015 var ei oppmoding til Støre om å gjera
bot for den skandaløse rolla han hadde i å isolera «terroristen» Vebjørn
Selbekk frå andre, normale nordmenn (karikaturstriden). Det er dette spørsmålet
som nett i år – på nytt – gjer at alle dei nordiske landa står i fare for å
gjera knefall for islam.
Det er ikkje bekymring for situasjonen i Gaza som driv folk
ut på gatene i mange land, jublande over Hamas si slakting av sakslause
spedborn, kvinner og eldre i Israel.
Derfor treng vi at journalistar i riksdekkende medium spør:
– Kvifor gjer dei det då?