I verkstedet til Philip (77) står
en kiste
Den er koblet til flytende
nitrogen
Nå skal han vise hvordan den
brukes
DØDSDOKTOREN
Alice TegleJournalist
Bjørn Olav Hammerstadfotojournalist
Hans Christian BergsjøJournalist
Publisert 25.03.25 - 05:00 Sist oppdatert 25.03.25 - 06:08
Del på FacebookDel på TwitterDel på e-post
Tobarnsmora
Ingrid (40) vil forlate familien og døy. Då Dagen møtte henne i Eindhoven
fortalde ho at ho
ikkje lenger ser ei meining med livet ho lever nå.
Eutanasi er
siste utveg.
Legen
Philip Nitschke forstår henne.
Han har via
heile livet til å hjelpe slike som ho til å avslutte livet.
Hjelper folk å døy i staden for å leve
Nitscke tek
imot Dagen på kontoret sitt i Amsterdam.
Frå store
vindauge har han utsikt over bylivet i Haarlem med pop up-butikkar og
gatekafear. På plassen nedanfor sit folk og drikk kaffi og røyker.
Lite veit dei
kva som skjuler seg bak vindauga i andreetasje.
Her inne, midt
på eit persisk teppe, står verdas første prototype av sjølvmordskapselen
til Philip Nitschke, kalla Sarco.
I andre delen
har kona innreia smakfullt med espressomaskin, designmøblar og eit møtebord i
rustikt heiltre.
Det ser både
koseleg og urbant ut.
Når me set oss
i den komfortable sofaen, og blir servert nytrekt jasminte av ein munter Nitscke,
er det lett å kjenne seg heime.
Han fortel kva
som får ein lege til å hjelpa folk å døy, i staden for å leve.
Slik starta det
Nitscke sitt
engasjement starta allereie i 1995.
Då vedtok
lokale styresmakter i Australia at alvorleg sjuke pasientar kunne få hjelp av
ein lege til å døy, dersom dei ønskte det og var i stand til å ta avgjersla.
Den då
nyutdanna legen var positiv.
– Eg hadde
sjølv jobba på pleieheim og sett kor vondt mange hadde det på slutten av livet,
fortel han.
Trass i
motstand frå kyrkja og legestanden i landet gjekk Nitscke ut i media og sa han
ville hjelpe dei som ønska.
Den første
pasienten som melde seg var Max Bell. Han
var døden nær av magekreft. Han køyrde i 12 dagar for å få dødshjelp
av Nitscke.
Nitscke hadde
lova å setja injeksjonen på Bell, men fekk ikkje med seg ein einaste lege eller
psykiater på å signere papira om at pasienten var mentalt i stand til å ta
valet om å døy.
Det ende med at
den dødssjuke mannen måtte sette seg i bilen igjen og køyre alle 2700
kilometerane tilbake.
Han døydde
heime ein månad seinare, i store smerter.
Vil ikkje vera bøddel
Etter at
australsk media plukka saka tok dødshjelp-debatten fyr. Legar ombestemde seg og
stilte seg disponible for dødshjelp likevel.
Då neste
pasient kontakta Nitscke var han betre førebudd.
Han bygde ein
datamaskin som skulle utløyse injeksjonen, medan han sjølv sat ti meter vekke
frå pasienten.
– Det gjorde at
eg, som lege, slapp å vera bøddelen, seier han.
– Kvifor ville
du ikkje vera bøddelen?
– Bekymringa mi
var at viss du er der og aktivt tek del i dødshandlinga, så blir du som lege
involvert i avgjersla om å døy. Det er nesten som om eg som lege må sei meg
einig i valet dei har teke.
Der går grensa
for Nitscke.
– Den som vil
døy må ta den avgjersla sjølv, eitt hundre prosent åleine, seier han.
Sliter du psykisk og trenger hjelp?
Hjelpetelefonen til Mental Helse
er åpen hele døgnet.
Ring 116 123
----------
Hjelpetelefonen til Kirkens SOS
er åpen hele døgnet.
Ring 22 40 00 40
Du kan også chatte anonymt med
Kirkens SOS på www.soschat.no hver
dag fra 18.30 - 22.30 (fredag frem til 01.30).
----------
Landsforeningen for etterlatte ved selvmord (LEVE)
støtter etterlatte og berørte ved selvmord, og bidrar til å forebygge selvmord
gjennom åpenhet, opplysningsvirksomhet og politisk arbeid.
Fekk angst under dødshjelp
Nitscke hugsar
godt den siste lunsjen han hadde med kreftpasienten og kona. Heile tida
stira han ned på skjorta si. Ho var gjennomvåt av sveitte.
– Eg innsåg at
det var mi eiga angst for at noko skulle gå gale.
Etter måltidet
sette ekteparet seg med datamaskinen. Mannen svarte på spørsmåla som kom opp på
skjermen. Når han hadde stadfesta tre gonger at han ville døy blei injeksjonen
utløyst.
– Det var dei
lengste 15 sekunda i mitt liv. Eg var så redd for at det ikkje skulle gå,
fortel 77-åringen.
Men injeksjonen
blei utløyst. Kreftpasienten døydde i armane på kona si, 21.
september 1996.
Ti meter unna
sat Nitscke og pusta letta ut.
Mistenkjer kveling
Den nasjonale
regjeringa i Australia oppheva eutanasi-lova berre månader etter dei lokale
styresmaktene hadde vedteke ho.
Men Nitscke
heldt fram med si dødshjelp.
I 1997 starta
han organisasjonen Exit International, som rådgir medlemmane om sjølvmordsmetodar
og utviklar ny sjølvmordsteknologi.
Arbeidet er
finansiert av støttespelarar og Exit International sine 25 000 medlemmar.
Medlemspengane
deira har mellom anna gått til å finansiere sjølvmordskapselen, Sarco, som
Nitscke har laga.
Sarcoen fekk
merksemd verda rundt i fjor, etter funnet av merker på halsen til den
amerikanske kvinna som brukte den.
Sveitsisk
politi undersøkjer nå om ho blei kvalt.
Nitscke sjølv
var ikkje til stades under handlinga, men seier han følgde med på skjerm.
– Alt gjekk som
det skulle.
Sjølvmordslabben
77-åringen er
oppteken av å avmystifisere Sarco-kapselen.
Derfor
inviterer han Dagen inn i det som ser det ut som eit kva slags som helst
bilmekanikar-verkstad.
Her er
ferdigmat-emballasje, skiftenøklar, hamrar, meislar og små og store behaldarar
overalt.
Men i Nitscke
verkstad er bil bytta ut med ei gravkiste frå ebay. Motorolja er bytta ut
med nitrogengass og pin-up-plakatane med innramma avisforsider av dødsdoktoren.
– Dette er
testversjonen av sarcoen. Det er her eg gjer eksperimenta mine, seier Nitscke,
stadig like på tilbodssida.
Han peiker på
trekista som er kopla saman ei metallkiste med ein stor behaldar inni.
– Vil de sjå
korleis den fungerer?
Utan å vente på
svar tar han på seg forkle, termiske hanskar og visir, så løysar han lokket på
nitrogenbehaldaren.
Frå oksygen til nitrogen
Gassen siver ut
på sidene av behaldaren, men Nitscke har full kontroll.
– Eg har
bakgrunnen min innan fysikk, før eg byrja å studere medisin, forklarer han.
Nitrogenen går
inn i kista og pressar oksygennivået ned. Heile tida følgjer Nitscke med
på oksygenmålaren.
– Som de kan
sjå no er det 20 prosent oksygen igjen i kista, så personen inn i her ville ha
pusta og vore nøgd, heilt til eg trykkar på knappen, seier han muntert.
I løpet av dei
neste 30 sekunda stupar oksygennivået frå 21 prosent til mindre enn 0,5
prosent.
– Viss
personen inni kista pustar djupt nå, så svimar han eller ho av.
Tapet av medvit
skal hindra kjensla av kveling, kamp og panikk, forklarer dødsdoktoren.
– Det er farleg inni der
Det durar,
blinkar og pip i oksygenmålaren.
– Pipinga er
for å åtvare deg om at det er farleg å vera inni kista nå, seier Nitscke.
Tala på
skjermen lyser raudt. 0,3. 0,2. og 0,1 prosent oksygen.
– Kva skjer
viss brukaren ombestemmer seg nå og ikkje vil døy likevel?
– Det gjer han
ikkje, for han har mista medvitet.
0,0 prosent
oksygen viser målaren nå.
I løpet av
nokre minutt skal alt vera over. For godt.
Dødshjelp utan legar
Gjennom
sjølvmordskapselen og andre metodar vil Phllip Nitscke gjere det enklare for
folk å døy sjølv, utan innblanding frå lege.
Han veit at
ikkje alle vil ha hjelpa hans.
Heile 97,7
prosent av dei som fekk dødshjelp i Nederland i fjor, ville at legen skulle
setja injeksjonen, staden for å drikke dei dødelege medikamenta sjølv, ifølgje
Den regionale gjennomgangsnemnda for eutanasi.
– Dei vil
at doktoren skal sitta der, sukkar Nitscke.
Han har snakka
med mange nederlandske legar som delar frustrasjonen.
– Det er nesten
som om dei prøver å dra legen inn i avgjersla om å døy. Me vil heller gi dei
begeret med medisinen og sei «din medisin, din business», seier han og skyv
handflatene frå seg.
Han er ikkje
like munter lenger.
Kjenner seg ikkje ansvarleg
– Kjenner du
deg ansvarleg for andre personar sin død når du hjelper dei?
– Dei må ha
mental kapasitet, dei må vite kva dei gjer og kvifor dei gjer det. Viss dei har
det skal ikkje eg komme her og krangle med dei.
– Så du kjenner
ikkje ansvar?
– Nei.
– Eg kjenner
ansvar for at folk veit kva medisin som vil fungere og korleis dei får den, så
dei ikkje skadar seg sjølv i jakta på ein fredfull død. Å gi korrekt
informasjon er ganske viktig, og eg er nøgd med at me klarer å gjera det.
– Kan ha ein verkeleg god død
Nitscke lever
som han lærer.
Innelåst i eit
skap har han fleire ulike stoff klare, viss han skulle få lyst å avslutte
livet.
– Når de er
ferdige å snakke med meg her kan eg køyre heim, skjenke meg eit glas, styrte
det ned og ha ein verkeleg god død, seier han.
– Kva må skje
for at du tek medikamenta?
– Eg snakkar
ikkje om at eg skal avslutte livet viss eg kjem på pleieheim eller blir
inkontinent eller andre ting, for eg har sett veldig mange menneske som seier
nettopp det, for så å endre meining.
DØDSMASKIN:
Philip Nitscke viser et bilde av Sarcoen.Foto: Bjørn Olav Hammerstad
Han tenkjer
tilbake på saka med kvinna som hadde signert ein kontrakt om at ho ville få
eutanasi viss ho blei dement. Då dette skjedde og dagen for eutanasi kom, ville
ho leve likevel.
Helsepersonell
måtte halde henne fast, medan legen sette injeksjonen. Fleire medier omtalte
saka.
Kvinna sin død
gjorde inntrykk på dødsdoktoren.
– Oppfatninga
av kva som er eit verdig liv endrar seg når dei kjem i situasjonen sjølv. Det
er derfor er det vanskeleg å planleggje sin eigen død, seier 77-åringen.
sarco dødshjelp philip nitschke nederland eutanasi nyheter
Del på FacebookDel på TwitterDel på e-post
0 kommentarer