Bøddelen bak rattet. Ikonet i baksetet.
| Leder
Kven har
eigentleg makta i ei verd med så mykje vondskap?
KOREOGRAFERT TERROR: i 2015 avretta ISIS 21 kristne
på ei strand i Libya. Terroristane ville farga havet raudt med blodet frå dei
vantru. No, ti år etter, har denne dystre filmen fått eit forbløffande
motstykke.Foto: REUTERS TV
Sofie BrautKommentator
Publisert 15.03.25 - 10:30 Sist oppdatert 15.03.25
- 10:46
Del på FacebookDel på TwitterDel på e-post
13 minutt. Det var tida det tok meg å sjå animasjonsfilmen «The 21». Inntrykka har eg derimot
med meg i lange tider. Dei formar nye bøner, og gjev håpet ein meir definert
horisont.
Dei oransjekledde på stranda
Hugsar du mennene i oransje kjeledress på den libyske stranda? Ti år
har gått sidan ISIS kringkasta den grufulle videoen av dei 21.
I ein makabert koreografert prosesjon vart dei kristne
migrantarbeidarane førte ut på stranda, i følgje med maskerte
fangevaktarar.
Dei skulle avrettast ved halshogging, ein etter ein. Bortføring,
utmatting tortur hadde ikkje fått dei til å lystra kravet om å fornekta trua på
Jesus Kristus.
Noko heilt anna hadde skjedd med dei forunderlege fangane. For å sitera
filmen: «Dess meir dei vart torturerte, dess meir verka trua deira å veksa seg
sterkare».
No ville dei ekstreme islamistane gje verda ein beskjed. Difor dette
uverkeleg dystre filmrigget ein februardag i 2015.
Terrorens motstykke
Den nye filmen er ei anna forteljing om dei 21. Animasjonsfilmen viser
realitetar som aldri vart fanga opp på filmen til dei tilsynelatande mektige
bødlane.
Filmen gøymer på ingen måte terrorens vondskapsfulle faktum, men er på
meisterleg vis utforma som eit vakkert kunstverk, inspirert av ny-koptisk
ikonografi.
Filmskapar Tod Polson har samarbeidd med det globale koptiske samfunnet
for å laga dette håpefulle «terrorens motstykke».
Det er som om terroristane sitt groteske narrativ blir plukka frå
kvarandre.
Over 70 kunstnarar har vore involverte i prosjektet. Det er som om
terroristane sitt groteske narrativ blir plukka frå kvarandre. Den som ser,
merkar snart kva ånd, smerte og bøn som har prega arbeidet.
Heider
På stranda rådde dei svartkledde over liv og død. Dei som rigga ned
filmsettet mens blodet av 21 uskuldige rann ut i havet, såg ut til å få siste
ord.
Men alt då ISIS-filmen byrja å versera, viste han eit anna resultat enn
terrorens agenda. Som mange av lesarane våre vil kjenna til, døydde dei 21
mennene med Jesu namn som ei synleg bøn på leppene. Håpet fann eit livgjevande
elvefar, sjølv der dødskulten nådde sitt grådige klimaks.
Håpet fann eit livgjevande elvefar sjølv der dødskulten nådde sitt
grådige klimaks.
«The 21» er ein uforgløymeleg heider til minnet om dei 21, men er også
ei påminning om alle dei andre, dei eg må minnast i komfort-kristenbobla i
Noreg.
«Troens øye»
For eg gløymer så lett. Alle desse som møter bødlane sine i ein
udokumentert avkrok, langt frå filmsett og folkeprotestar. Fordi dei vedkjenner
seg trua på den krossfeste og oppstandne.
Animasjonsfilmen ser hendingane med «troens øye», som det heiter i
songen.
Ei scene viser ein terrorist i førarsetet av ein bil. Brått streifar
blikket hans noko underleg i bakspegelen. Frå baksetet, der fangane hans sit
stua saman, ser brått eit granskande og gåtefullt ikon-blikk tilbake på han. Mennene
i baksetet er ikkje åleine.
Det kunstnarlege grepet avslører noko heilt vesentleg ved verda vi
lever i.
Kaospilotar ved spakane
Kor ofte verkar det ikkje som om det for tida sit kaospilotar ved
spakane? Eller terroristar som grip rattet?
På nettsida si fortel Åpne
Dører at 380 millionar kristne lever under forfølging og
diskriminering. Nyleg meldte Stefanusalliansen om ny
rekord i vald mot Indias kristne.
Og når eg her skriv om dei 21 på den libyske stranda for ti år sidan,
er eg nøydd til å ta innover meg at dette held fram. Den uhyrlege halshogginga
av 70 kristne i ei kyrkje i DR Kongo fortel sitt altfor tydelege språk
om det. Ofra vart oppdaga i midten av februar. Dei fleste, i dette som kjelder
omtalar som «et
stille folkemord», var kvinner og barn.
Blikket frå ikonet
Det kan verka underleg og svakt, men svaret på terrorisme, må alltid
vera ei eller anna form for håpsarbeid.
Når vi trur at terroristen har begge hender på rattet, er det framleis
blikket frå ikonet som er nøkkelen til å avsløra kva som er makt og avmakt i
verda vår.
Vil du sjå animasjonsfilmen, finn du han lett ved
eit enkelt nettsøk på «The 21».