https://imengine.public.prod.agp.infomaker.io/?uuid=b3fe85b7-7c19-56d5-adb1-19da5e81f57b&function=fit&type=preview&source=false&q=75&maxsize=112&scaleup=1

Ap sviktar matvaretryggleiken

 

| Debatt

https://image.dagen.no/1429988.webp?imageId=1429988&width=960&height=548&format=jpg

 

JORDBRUKSPOLITIKK: I den kommande valkampen vil eg samarbeide med alle gode krefter som arbeider for nok trygg og sunn mat som er produsert på ein måte som gir god jordhelse og dyrevelferd, skriv Kjersti Toppe.Foto: Senterpartiet

 

Kjersti Toppestortingsrepresentant (Sp)

Publisert 14.05.25 - 08:00 Sist oppdatert 14.05.25 - 09:46

Del på FacebookDel på TwitterDel på e-post

Dette er et leserinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdning.

Stortinget vedtok med stemmene frå Ap, Sp, SV, Rødt, MDG, KrF og Pasientfokus 18. april 2024 at regjeringa skal arbeide etter eit mål om at 50 prosent sjølvforsyning, korrigert for import av fôr, skal nåast innan 2030. Partia Høgre, Frp og Venstre stemte imot. 

Norskprodusert andel av matvareforbruket som er produsert i norsk jordbruk på norsk jord var 40 prosent i 2023. Det er ingen endring frå året før. 

Vi har ikkje ein jordbrukspolitikk for bøndenes skuld. Det er like feil som at vi har helsepolitikk for sjukepleiarane si skuld. Norsk jordbrukspolitikk skal realisere samfunnsoppdraget og det er no auka matvaretryggleik. 

For å gjennomføre oppdraget må planteproduksjonen på norske jordbruksareal aukast kraftig. Det må lønne seg betre å dyrke større areal og ha meir fruktbar jord som gir større avlingar. For å realisere dette må jordbruksavtalen sikre inntektsjamstilling for jordbruksarbeid med lønnsmottakarar. I tillegg må den sikre same inntektsmoglegheiter for utført arbeid på ulike bruksstorleikar, produksjonar og distrikt (den indre inntektsjamstilling) i Noreg. 

Statens tilbod av 7. mai i år sviktar både samfunnsoppdraget, inntektsjamstillinga og den indre inntektsjamstillinga. Dette kjem fram av tilbodet når jordbruket ikkje skal få kronemessigt likt tillegg som det staten forventar at andre grupper skal få i 2026. 

Vidare skal den enorme kostnaden ved å auke planteproduksjonen for å auke sjølvforsyninga finansierast av gardbrukarane sjølv. Staten går heller ikkje inn for at det skal fordelast om pengar innan jordbruksavtalen for å sikre den interne jamstillinga. 

For Hordaland, som har mykje tungdrive jord er det svært viktig å styrke den interne jamstillinga slik at dei mange brattlendte bruka med til dømes sau, givast ein betre arbeidsbetaling. Arbeidarpartiregjeringa, med statsråd Nils Kristen Sandtrøen i spissen, må rette opp i dette i dei jordbruksforhandlingar som no skjer og skal vere ferdig til 16. mai.

I den kommande valkampen vil eg samarbeide med alle gode krefter som arbeider for nok trygg og sunn mat som er produsert på ein måte som gir god jordhelse og dyrevelferd. No må vi sikre nokon sterke stemmer som kan realisere ein ærleg framtidsretta jordbrukspolitikk i kommande Stortingsperiode.